fredag, april 25, 2008

Eggeglass og trådsneller

Eg samlar på mykje rart. Blant anna samlar eg på slike Figgjo-eggeglas i fine fargar.




På eit loppemarked i Bergen fann eg dei lyseblå, og på QXL fann eg dei lysegrønne. Dei passar kjempefint inn til det lysegrønne bordet og til kjøkkenmaskina. JIPPI!



Ein anna ting eg samlar på er gamle trådsneller. For ein billig penge vart desse mine på QXL også.

Eg har gått litt amokk på QXL for å kompansere for at eg har gått glipp av kvar einaste loppemarked som har vore i distriktet...Heldigvis har eg ikkje vunne alle budrundane eg har delteke i. Ikkje at det har vore store summar det har vore snakk om, men ein skal jo ha plass til alt ein drar heim også, hehe.

Tusen takk for alle finord på forrige innlegg. Eg skal komme tilbake til dåko, men er litt fråverande nå, i og med at eg er på besøk hos mamma denne veka. Tudelu så lenge!

Mamma si vesle godjente

Veslefeen i djup konsentrasjon. Ho studerer hekleteknikken som er brukt på Mailegkanina sine tøfler, hehe.

torsdag, april 24, 2008

God helg

Åh, eg kjenner eg får så grådig energi av at det er vår. Energi pleier ikkje vere mangelvare altså, men nå kjenner eg meg ekstra glad og frisk, hehe.

I dag vart spisebordet i stova ryddig, og eg måtte nytte anledningen til å knipse litt bilete. Duken er ei gammal gardin.

Skål med epler på bordet og peoner i vasen. Skåla er frå Egersunds fayancefabrik, og den vart min via QXL.
Gjennom mine vel 4 år som bloggar er det fleire ting som går igjen. Og ein av tradisjonane er peoner i vasane på våren, hehe. Andre ting er ranunklar og blomstrande Dronning Ingrid. Lampen over bordet er frå Ikea. Har faktisk kjøpt ei lysekrune til å ha her, men syns det vart for overdådig... Får sjå om eg heng den på soverommet, eller tar den med heim til mamma.

Då gjenstår det berre å ynskje alle ei nydeleg helg!

onsdag, april 23, 2008

Prikkar her og prikkar der

Eg har lenge lenge vore glad i prikkar. Hugsar for nokre år sidan, så var både eg og Marie Friis på desperat jakt etter stoff med prikkar på. Det var ikkje å oppdrive. Hugsar eg til slutt fann eit nydeleg rødt stoff med ørsmå prikkar på som heitte "Sunday in the park". Stoffet vart først brukt til ein liten jentekjole, men seinare sydd om til ei veske.

Så fekk eg meg Hobbyboden-blogg og spurte moderator fint om ikkje ho kunne lage ein med lyseblå bakgrunn med kvite prikkar på. Det gjorde ho, og lukka var fullkommen. Men så gjekk det ikkje lange stunda før Tone Finnanger lanserte sin nye Tilda-kolleksjon, og deriblant både papir og stoff identiske min bloggbakgrunn. Eg vart rett og slett dritlei heile prikkedilla.


Men så kom eg inn i bokhandelen i dag, og såg dette settet. Det osar sommar og sol av det, og eg klarte ikkje unngå å dra kortet og ta det med heim. Tenk kor kjekt det vert å bruke på terassen i sommar då.



At det passar knallgodt til mine små telysestakar kjøpt hos Birte Bo for år og dag sidan, er jo berre ekstra kjekt. Tinga (muffinsformene, salatbolla, salatbestikket og serviettane) eg kjøpte er av merket Spiegelburg G*A*R*D*E*N og eg fann det i ein Ark bokhandel.


Så nå skal eg kose meg på terassen framover iført mormors gamle lyseblå solhatt med kvite prikkar på. Solhatten er av typen fiskarhatt, og er supersøt. Angrer på at eg gav bort den lyseblå voksduken med kvite prikkar nå.

Det er jo ingen hemmelighet at eg elskar fluesoppar, og skulle ønske at bokhandelen hadde teke inn desse også i repetoaret:

mandag, april 21, 2008

Koseleg mandag

Er det ikkje heilt vanvittig bra vèr for tida? Naboen, som har god tid, har opparbeidd seg ein heftig brunfarge dei siste dagane. Eg som svinsar att og fram, ut og inn, har fått litt fregner på nasa. Og me er berre i april - elskar det!

I "nyehuset" har me port inn til eigedommen vår. Både den, uthuset, rekkverk og husfasade treng ein omgong med malekosten. Men det tar me seinare. Nå er det beising av terassegulvet som pågår, og derfor måtte Ikea-sittegruppa flyttast lengre ned mot porten.

I mangel på plantebord står spirene mine inni ein gammal kasse frå Minde sjokolade. Tenkte det kom til å bli ekstra lunt for dei der. Sjølv om det er varmt i sola på dagtid, så er det rim på bilane kvar morgon.


Veggen bak sittegruppa er rekkverket på terassen. Eg syns det er veldig dominerande, og vurderer ta det bort, eller byte det ut med rekkverk av smale spiler.

På blomsterfronten har eg kjøpt inn hengelobelia, og fleire Dronning Ingrid. På Plantasjen kosta dronningene 69 kr per stykk, medan på blomstertorget kosta dei berre 45 kr. Både hengeplanten og dei kongelege tar eg inn på nattestid, medan dei andre blomstrane overnattar ute (og det går fint). Kroken, som lobeliaen heng i, er frå Mollys Heaven:



Håpar finvèret held seg lenge, men det er nok desverre urealistisk.

Til slutt vil eg oppfordra alle som har interiørblogg å melde seg inn på http://norskeinteriorblogger.blogspot.com/. Her er det superenkelt å følge med kven som har oppdatert sidan sist i blogrollen.

Tudelu!!

søndag, april 20, 2008

Cakeadoodledo

I siste utgåve av Country Living er det ein kjempekoseleg reportasje om ei dame i England. Ho har 10 frittgåande høner. Desse legg egg rundt om kring, så dama må på eggjakt kvar einaste dag. Av egga lagar ho muffins for salg. Kakene er fantastisk skjønne, og nydeleg innpakka. Ta ein kikk på bileta under her (frå sida hennar):




Og gå innom butikken hennar for meir kakeinspirasjon

lørdag, april 19, 2008

Schuster & Haugaard

Eg elskar barneklærne til Schuster & Haugaard. Det er faktisk ikkje så veldig lett å finne fine gutteklær, men i dette merket syns eg kanskje gutteklærne er finare enn jenteklærne. Iallefall i det utvalget som var på butikken i går.

Men eg fann fine jenteklær altså, det er ingen problem, og eg kom heim med dette til Alma:

Eg syns det var noko bemerkelsesverdig kjent med stoffet på buksa og kjolen....


...og kom på at det er samme stoff som eg sydde denne veska av:

Berre i andre fargar, som de ser. Stoffet kjøpte eg hos Kitty Craft for over to år sidan. Direkte importert frå Japan. Veska eg sydde er til salgs hos Hjem kjære hjem. Den har lege ute lenge utan at nokon har kjøpt den. Trur eg skal kalle den heim igjen, slik at eg får brukt den sjølv.

Tusen takk for alle god-bedring-ynskjer til vesle snuppemor. Ho er i fin form nå, og er her avbilda midt i sitt favorittgjeremål: Rote i samanlagte klær og ikkje minst: dra mamma sine interiørblader utover *smil*

fredag, april 18, 2008

Fredag og HELG

Beklagar at det har vore litt stille her inne dei siste dagane. Eg vart brått så oppteken i RL (real life). Minstemor er forkjøla, og treng ekstra pleie og omsorg. Me har dulla og dalla med henne, og håpar berre me ikkje har vendt henne til vanar ho ikkje bør ha, he he. I tillegg har eg vore oppteken med venninnetreff, treningar og ikkje minst: vere ute i sola. Den må nytast medan den er her!

Som nevnt tidlegare så venta eg på ein sterkt etterlengta maskin. Nå er den komen, og er berre råfin. Det syns eg iallefall. Kjøpt hos Pixmania, til vel ein tusenlapp mindre enn hos f eks Ting.

Fargen heiter Ice Blue, og er ein mellomting mellom lyseblå og lysegrønn. Heilt perfekt for meg. Eg har eit gammalt bord etter farmor som er malt i den fargen, og litt anna dilldall.

Det har blitt alt for lita tid til oppussing den siste veka. Og i dag skulle eg setje opp farten og gjere ein stor innsats medan tullemor hadde luren sin. Veggene på kjøkkenet ser nemleg slik ut:

Men så ringte det på døra, og sjå kva som kom til meg: Pakken med varene eg bestilte på Mollys Heaven for eit par dagar sidan. JUHU! Gløymt var all pussing av sparkel.

Eg trengte nytt lager med Duranceprodukt, og tenkte at eg likegodt kunne bestille det hos Molly. Då kunne eg nemlig bestille litt ekstra ;)

Trådkorgene frå House Doctor likar eg så godt. Enkelte i dette hushaldet er ikkje så flinke til å henge kjøkkenhåndkle på plass på krokane. Så for at eg skal sleppe å gå å henge det på plass kvar gong han har brukt det, så kan han slenge dei oppi denne korga. Og den henslengte stilen er jo fin i tillegg, he he. Ikkje verst.

Eg bestilte meir ting, men det får de sjå ein anna dag. Pakken resulterte iallefall i at eg vaska ned badet, i staden for å pusse sparkel. Badet er pynta med nytt tilbehør, og det luktar godt av olivensåpe (tusen takk Molly).

Nå skal eg bevilge meg fri til å ta meg ein laaang surferunde. Ha ei god helg, alle som ein!


tirsdag, april 15, 2008

Nytt på garnfronten



Eg har tatt litt av på netthandel i det siste. Pakkelappar haglar inn dagleg, og kontoeigaren er nesten redd for å gå inn i nettbanken for å sjekke status. Eigentleg har eg ingen grunn til å vere redd, for eg har jo gjort så gode kjøp *blink*

I dag kom dette garnet frå http://www.123knit.com/. Fantastiske fargar, herleg kvalitet, og sist men ikkje minst: berre halvparten av prisen om eg skulle kjøpt tilsvarande ull hjå Nøstebarn.

Eg undra meg høglydt kva eg skal lage av garnet, og mannen i huset meinte at nå var det hans tur til å få noko heimelaga. Desverre er eg ikkje like flink, snill eller tolmodig som Tittei. Ta turen innom henne og sjå alt det nydelege ho strikkar.

Ha ein fin tirsdagskveld. Her er det ein forkjøla baby som får alt fokus. Stakkars liten. Ho grin seg i søvne, og ligg inntulla i ei dyne på pappaen sitt fang nå.

mandag, april 14, 2008

Nytt på bokfronten

Her er nokre glimt frå nye (for meg) bøker eg har kosa meg med i helga:


Har aldri før sett benkeplate av glass (?):

Me treng ny seng, og jammen hadde eg blitt glad om eg fann ei som denne berre i breidare format:





Sjå denne fine benken då:



Blir ei kort oppdatering i dag, PC'en fuskar litt, så eg bør berre ta korte økter her. Ha ein fin mandag!

fredag, april 11, 2008

Helg IGJEN

I dag klarte eg ikkje dy meg lengre, og berre MÅTTE ta turen til Plantasjen for å handle inn
litt blomstrar til å pynte med utforbi. Så får det heller våge seg om eg må erstatte dei med nye i tilfelle frost eller noko slikt.

Eg var veldig usikker på kva type blomstrar eg skulle gå for i år. Usikker på kva farge. Kunne i utgangspunktet tenke meg å kjøre rosa fargetonar, men er glad eg valgte blå lobelia.
Eg elskar f eks små fiolar, men dei finst som oftast berre i gult eller lilla, og det var ikkje heilt det eg var ute etter.

Som dei fleste sikkert veit er eg heilt tussete etter pelargonium. Og tenk på Plantasjen hadde dei et bord kalla Retro, og på det stod Dronning Ingrid, Dronning Margrethe, Nikolaj og Kronprinsesse Mary og strålte. Nikolaj har svak svak rosa blomstrar. Liknar Mårbacka, men med kraftigare vekst:


Dronning Ingrid fekk også sjølvsagt vere med meg heim i fleire eksemplar. Dei eg har her heime frå før har nemlig ikkje starta blomstring enno.

Var også innom Hilmers Hus for å bestille kjøkkenmøbler, men der var jammen benken eg vil ha utsolgt frå lager, og ikkje på veg inn igjen heller :(

Eg trøsta meg med at eg iallefall fekk tak i nye knottar til skapdørene i gangen. Er det ikkje rart at me har samme type skapdører her som i leiligheten i Bergen? Hadde litt styr med å feste knottane. Det fulgte nemleg ikkje skruar med, og dei me hadde var enten for tynne eller for lange. Det heile enda med at eg brukte dei tynne kombinert med masse limpistollim. Får håpe dei held.
Nå gjenstår det berre å ynskje alle ei kjempefin helg! Eg skal la kjøkken vere kjøkken, og slenge meg i sofakroken min, drikke te av Burleighkopp og lese InteriørMagasinet. Kos dåko dåko også!!

onsdag, april 09, 2008

Heisann

Eg trur eg har fått verdas beste hemmeleg interiørvenn-gåve. Eg vart altså så overraska og glad etter å ha henta den i posten i går. Ein skulle tru min hemmelege ven har ein sjette sans. Fordi ho har gitt meg ein striesekk, noko eg har ønska meg i laaaaange tider. Er ikkje sikker på om eg skal sy pute eller noko anna av den. Før eg får bestemt meg ligg den berre framme til pynt. I tillegg fekk eg eit koseleg fluenett til kaker, ein urtepinne og eit koseleg kort. TUSEN TAKK!



Reint oppussingsmessig har me forflytta oss ut i gangen. Sjølv om kjøkkenet laaangtifrå er ferdig.

Sanninga er at eg kveld etter kveld har surfa i staden for å sparkle gipsplater.

Eit par kveldar har eg faktisk bevegd meg ut av huset også. På trimtur rundt Stokkavann (heiter det Store Stokkavann mon tru?). Vel, forrige tur enda med vannblemmer under fotsolen, så nå er eg idrettsskada for eit par dagar, he he.



I gangen er det ein liten slags nisje i veggen, og den passa perfekt til ein benk og ei hylle. Hylle- og benkeplate er laga av hobbyplater, og benken er i tillegg dekorert med ei herregårdslist festa frå undersida. Sitteputer frå Jysk og veske frå Marimekko.



Sånn ellers må eg takke så mykje for kjekke kommentarar. Og berre sånn at det er sagt så jobbar eg med å oppdatere lenkane på sida. Dei eg har skrive nå, er berre dei eg kunne utenat. Eg brukte nemleg ein heil formiddag på å legge inn alle lenkene frå forrige blogg, og då eg var ferdig og skulle trykke LAGRE, nei, då gjekk det ikkje! BUHU! Nå må det berre gå så pass lang tid at eg gløymer stresset frå den gong.

Ha ein fin onsdagskveld. I kveld MÅ eg berre komme meg i sparkelmodus, vel?

mandag, april 07, 2008

Best eller pest

For ei tid sidan fekk eg ei utfordring av Emmeline. Eg skal vise kva som er best i huset og kva som er pest. Når ein kjøper eit oppussingsobjekt, så er det ikkje mangel på pest for å sei det slik.


Det som er BEST med dette huset er at det to barnerom, og her er nokre bilder frå Alma sitt rom




Det som er mest PEST er trappa mellom 1. og 2. etasje. Eller rettare sagt teppet som ligg i trinna. Eg har sett at det går an å kjøpe enkle trinn i eikeparkett, og vurderer å skjule teppet på den måten. Men aller helst har eg lyst på heilt ny trapp, derfor blir ingenting gjort med det første.






Related Posts with Thumbnails