lørdag, april 04, 2009

God lørdag

Beklagar at det vart så stille i bloggen i veka som gjekk. Eg har hatt det supertravelt på jobb, samtidig som begge småfeane har hosta om kapp på nattestid, hatt øyreverk og vore i generelt dårleg form.

Me har desverre også måtta avlyse å vere med nokre superkjekke venner på fjellet i påsken - buhu. Ikkje kjekt om vennene sine skjønne småjenter vert smitta, og heller ikkje kjekt for unagane å reise bort når dei ikkje er i form.

Me skal derfor kose oss maksimalt heime, og har allereie vore i hagen i dag. Me har satt poteter, planta blomstrar i krukker og kar, og me har laga sandslott i sandkassen.

Nå står Ikea for tur. Rett inn å bestille varer, og rett heim igjen. Lørdag er vel den desidert mest usmarte dag å gå på Ikea, men pytt pytt - me står i det. Tusen takk for alle tips om Norden-bordet på forrige innlegg. Eg kjøper nok Norden og maler det kvitt eg også :)

Ha ein fin lørdag til alle som er innom, og god påske til dei som tar ferie frå blogging også :) Klem klem

11 kommentarer:

Ramme Alvor sa...

Sett pote? No vart eg imponert. De kan ha fleire potesesongar på eit år de då nesten? Heilt utruleg :)

Ynskjer dykk ei herleg påske heime, høyres herleg ut med ein vår som er komen så langt.

MeyBiMe sa...

Her er ingenting å beklage :-)
Jeg koser meg med de gamle innleggene dine også jeg :-)
Jeg liker utrolig godt stilen din!!!!
Jeg er nå ennå treigere jeg...men jeg tar det når jeg har tid og lyst!!
Ha en strålende lørdag...og PÅSKE!!!!

Cecilia sa...

God lørdag og kos deg på Ikea. :)

Anonym sa...

Har sett igenom din blogg nu och måste bara få sæga att du har en fantastiskt fin stil :-) Wow, jag ønskar mitt hem såg ut som ditt! Glad påsk!

Sommerlyst sa...

Ha en fin hjemme påske!!! Håper dere kom dere velberget gjennom IKEA turen i dag! ;)

Og god bedring til småttikkene!

Klem M

Miss.T sa...

God påske !!!


God bedring til småfeene og !!: )
Kos dere hjemme, håper på solskinni Stavanger !

Den gode feen sa...

Tusen takk for kommentarane :) Ikea-turen gjekk usedvanlig bra - ikkje ein sur tone frå nokon i familien :) Kjøpte ikkje bord... Er så usikker, så eg ventar til eg finn det perfekte. Nå er det berre å vente til varene vert levert på døra på mandag. Billy og Bestå.

Ramme alvor: ja, eg satsar på å hauste poteter i fleire etapper i år :) Bøndene har fått potetene i jorda, så då kan me også. I stavanger luktar det møkalukt. Så langt er våren komen her :)

Ha det godt!

LIVS LYST sa...

Tipper det var full fart på Ikea. Men man finner vel det man skal ha uansett! Bare litt mer styr når det er mange folk...

Ha en fin kveld!
Hilsen Ljo

mette sa...

GO påske, og GO bedring til de små! håper ikea var suksess... og du, de gule egga på det bilde... s t e m n i n g !

Haust sa...

Nydeleg bilete, det ser så friskt og vårleg ut med skåla med sitronar i! :)

Anonym sa...

Nordenbordet finnes i hvitt....

Related Posts with Thumbnails