onsdag, september 30, 2009

Lekehytte i stova

I rommet under trappa opp til 2.etasje er det eit lite rom. Heilt perfekt i storleik til oppbevaring av leiker og eit par små ungar. Og heilt genialt når ein skal rydde opp etter ungane er i seng på kvelden. Denne veka har Alma vore heime frå barnehagen. Ho er forkjøla og leik ute i regnet er uheldig. Iallefall når det er haustferie neste veke. Eg har berre gitt opp å få gjort noko av det eg hadde plan om (sy blant anna). Dagane går i staden til vaffelsteiking, smårydding her og der, og kos.
I dag har me sortert i alle leiker. Ein kasse til Duplo, ein til Little People og ein til utkledningsklær. Ein pose står klar til Fretex, og Kindereggdilldallet havna i restavfallet.

Postkassen frå Bruka vart opprinneleg innkjøpt for å henge på ei framtidig leikehytte i hagen. Sidan leikehytta berre er på planleggingsstadiet, så heng postkassen på stovehytta i staden. Saman med eit Welcome Friends skilt frå Riviera Maison (julegave til mor sjølv ;))

Dukkevogna snuppemor fekk til jul er i bruk kvar dag. Utruleg skjønn og fin og i god kvalitet. Den er frå SEBRA.
Inni sjølve leikehytta er det ikkje sånn superkoseleg akkurat. Eg skal få sydd til ei madrass som dekker heile gulvet, og få hengt opp ei lyslenke over dei to hyllene på veggen der inne. Kom gjerne med tips til dekorering om du har nokon :)
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det vert vanvittig mange leiker med tre ungar i hus. Me har ikkje akkurat verdas største hus heller. Så det gjeld å sortere ut, finne lure oppbevaringsløysingar og vere flink å rydde, slik at det ikkje renn over.
Eg fekk eit genialt tips av mora til ei god venninne ein gong. Å gøyme litt av leikene til ungane. Ikkje ha alt framme på ein gong, men byte på det. Ungane gløymer lett kva dei har, og når ein finn fram det vekkgøymde er det som om dei får nye leiker. Dette har me praktisert, og det er heilt topp. Little People tinga er derfor på ferie i kjellaren frå nå av ;)
Medan eg skriv dette innlegget høyrer eg at det føregår hektisk leik inni og utfor skapet bak meg. Det spørs om ikkje sorteringa må gjentakast i kveld. Pytt pytt :)
Ha ein flott onsdag
PS! Tusen takk for alle kommentarar på tøffelinnlegget. Eg bestilte mine tøfler herifrå.



mandag, september 28, 2009

Direkte import frå Tyskland

Eg er ein barbeint person. Eg går stort sett barbeint innandørs året rundt. Eg er definitivt iallefall ikkje ein tøffelperson. He he, nå kan de lure på kvifor eg plutseleg sit her med tre par :)

Joda, det hadde seg slik at eg på ein laaaang surferunde havna innom den danske nettbutikken Moods. Blant nyhetene der fann eg dødsfine tøfler frå Birckenstock. Det eine leda til det andre, og plutseleg gjorde eg eit kupp på ein tysk nettbutikk. Ha ha ha, eg må le altså.
Men i dag kom postmannen på døra med tøfler til meg, til Herr Fe og til Samson. Tre par tøfler til prisen av eit, om eg hadde handla i norsk butikk. Eg vart jublande glad, dei to andre mottakarane kanskje heller avvmålte, medan Alma vart misunneleg. Stakkars. Dei hadde ikkje hennar storleik inne, så enn så lenge labbar ho rundt i pappaen sine tøfler.
¨
Knallgode å gå i og knallfine å sjå på, kan det bli betre? Impulskjøp er innimellom ein suksess.

Sånn avslutningsvis må eg dele synet som møtte meg ein tidleg morgon i helga. Eg var i sving med frukosten på kjøkkenet, og skulle berre nett inn å sjå korleis det gjekk med dei små i stova. He he, Simon hadde fått jentebesøk i stolen. Og ikkje av kven som helst heller. Vesle Anna, Hopsi daysi og babydukka. Rart at han ser så morsk ut i grunn...
Ha ein superduper kveld.
¨
Eg labbar rundt i tøflene, og prøver ignorere at eg er alt for varm på beina ;)
¨
Ha det godt :)

søndag, september 27, 2009

Loppevarp

I går visste eg at det var loppemarked i Hillevåg kirke, men ante ikkje kor tid det starta. Eg tok ein sjanse og ankom fem minutt etter opningstid. Flaks skal ein ha :)

For 15 kr vart desse gamle klesklypene i originalesker mine. Er dei ikkje fine? Juletrefot i støypejern og gammal juletreduk betalte eg ein femtilapp for. Så drog eg heim igjen. Utvalet av tekstilar var nemleg skuffandes dårlig.

Her sløvar me rundt i joggedrakt, og tar livet med ro. Deilig :)

Ha ein god søndag :)

lørdag, september 26, 2009

Heldiggrisen Linda

For ei tid sidan etterlyste eg feiesett frå Iris Hantverk. Og trur de ikkje at søte Kaia frå Oslo sendte meg e-post om at på Bolina hadde settet. Snille snille Kaia tilbudte seg å kjøpe det for meg, og eg vart jublande glad.

I går henta eg feiesettet på posten, og klarar ikkje sjå meg mett på det. Børsten er av hestehår, og detaljane nydelege.
Settet passa perfekt inn i heimen, og ser i grunnen ut som om det alltid har stått her :)

Kaia hadde pakka det kjempefint inn, og dama på postkontoret såg nesten misunneleg ut på at eg fekk ein så stor pakke. Lucke me.
Kaia har ei datter som også heiter Alma, og mi Alma fekk ein super pakke frå hennar Alma ;) Sjekk det koselege frukostsettet ho fekk. Både bambi og fluesopp på - kan det bli betre? Tuusen takk for at du er så snill Kaia - eg håpar eg klarar sy fine puter til deg i gjengjeld :)


Som om ikkje dette var nok, så fekk heldiggrisen meg ein pakke frå Drømmen om ein eplehage hin dagen. Ho hadde kjøpt desse fantastisk kule og fine fluesopp-pottene til meg. Dei er så MEG at eg nesten må le over kor godt ho kjenner meg. Tusen millionar takk for at du er så snill du også :)

Denne helga har me besøk av Herr Fe si flotte kjekke søster. Ungane er heilt ville etter henne, så det er så koseleg å sjå. Nå skal me ut og gå tur.
Ha ein flott lørdag, klem frå Linda

fredag, september 25, 2009

Hjelp meg...

Desse nydelege blomstrane fekk av venninna mi som var på besøk hin kvelden. Dei er så fine, og seglar opp som ein stor favoritt her i huset. Men eg anar ikkje kva dei heiter. Er det nokon som veit??

Eg har bakgrunn frå reingjeringsfirma i ungdommen, og tenkte dele eit lite triks med dåko før helgevasken set inn for fullt. Dypp ein oppvaskbørste i lunka såpevatn, og vask godt rundt knottane på komfyren. Tørk av meg tørr klut, og komfyren vert gullandes rein. Også genialt på stikk-kontaktar :)Ooooops, bloggetida vart brått slutt. Mating av mikrofeen står for tur.
Ha ei flott helg, klem frå Linda
PS! Tilbake seinare i dag med herlege postoverraskelsar :)


torsdag, september 24, 2009

Bokskatt frå Danmark

I går kom den endeleg i hus. Boka eg har lese så mange anmeldelsar av i danske magasin og danske bloggar. Elsk dit hjem - fra A til Å av Ranvita La Cour.
Med det same vart eg litt overgidd over kor mykje tekst og relativt lite bilder det var i boka (250 sider). Tekst og bilder fordeler seg sånn cirka 50/50, og til ei interiørbok å vere er jo det mykje tekst. Men teksten er så langt eg har lese bra, dog kanskje litt dramatisk til meg å vere, men pytt. Bileta er dødsbra sånn interiørmessig. Og det var på grunn av interiøret eg kjøpte den.

Sukk, eg ynskjer meg Uten Silo. I gult er dei råtøffe, det samme er dei kvite og dei i metall.


Nå skal eg straks fylle i eit digert glas Pepsi Max (neida, har ikkje klart å slutte), og slenge meg på sofaen ein halvtimes tid og lese meir i boka.
¨
Du bør ta turen inn til Hippie Chic. Ho har ein herleg konkurranse på gong.
¨
Ha ein flott torsdag, snart er det helg igjen.
Klem frå Linda

onsdag, september 23, 2009

Eg er så utolmodig...

Nå for tida boblar eg nesten over av kreativitet og energi. Eg har lyst til å gjere alt på ein gong. Eg har lyst til å sy, eg har lyst til å strikke og eg har lyst til å hekle. Hekle huer som denne eg hekla til Alma for over to år sidan (eigenkomponert mønster og idè). Eg har lyst til å strikke tjukke gode strikkejakker til både meg og ungane, og fine leggvarmarar og hanskar og huer og og og. Og eg har lyst til å sy puter, bordbrikker, ting og tang.
Problemet er berre at eg er så ivirig at eg knapt får noko gjort.

Eldstemann har vore heime frå skulen i to dagar med tung pust og slapp form (astma). Me har kost oss masse, spelt spel, øvd på å skrive fine bokstavar som går både i loft og kjellar og lest bøker. Nå er han tilbake på skulen igjen, og eg har formiddagane for meg sjølv når minipjokken søv.

Eg trur rett og slett eg må skrive prioriteringsliste over alt eg vil lage, og først ut er å sy puter. Eg har gjort ein fantastisk byttehandel som eg gledar meg til å vise dåko. Håpar eg klarar sy verdas finaste puter i gjengjeld til ei superduper jente i Oslo ;) Vent i spenning ;)

Dagens nettoppfordring er å besøke Pakhuis Oost. Sjekk den nye vinterkolleksjonen. Inspirasjon til tusen. Sweet memories fører merket, og ta deg ein tur inn der og kikk også.

Nå er det 3-månadars kontroll som står for turen. Kan ikkje fatte at det er 3 månadar sidan verdas mest smilandes litle gut vart født, men det er det altså. Juhu :)

Ha ein flott onsdag, klem frå LindaPindaPøne

PS! Takk for alle fine kommentarar angåande hua. Eg deler desverre ikkje mønster på denne, sidan eg pleier lage slike for salg. Det er veldig godt mulig at eg lagar fleire for salg etterkvart. Må berre fordele energien først ;)

tirsdag, september 22, 2009

Gjenbruk på sitt beste

Gjenbruk på sitt aller beste må vere å ta barneklær fulle av gode minne fram frå innerst i skapet. Eg er superglad over å kunne ta desse barneklærne i bruk igjen. Dei er av merket Papermoon kjøpt hos Babyshop i Bergen i 2002.Eg hugsar eg trålte den butikken fleire gonger i veka med den høggravide magen min, kikka, draumte og kjøpte litt. Pittelitt. Klærne var veldig dyre, og harmonerte ikkje heilt med mi usle forskarlønn. Men så kom salget, og eg kjøpte det lyseblå settet og pappaen kjøpte det andre. Det hadde hjarteknusaren på seg på si første julafta. At buksa ikkje kan vaskast, men må reinsast på renseri er kanskje ikkje verdas mest praktiske. Ha ha, det er nesten så eg må le av kor uerfarne me var.
Men fine er klærne iallefall, og Simon er like skjønn som storebroren i dei :)

Papermoon har eg ikkje sett i nokre butikkar i ettertid. Er det tilfeldigvis andre som veit om nokon som fører merket i Norge??

Venninnebesøket gjekk kjempefint i går. Grønnsaker med dip var knallgodt (faktisk) og eg fekk nyyydelege blomstrar :)
Ha ein flott tirsdag!

mandag, september 21, 2009

Ei søt anbefaling

I helga bakte me sjokoladekake. Til langpannekaka brukte me denne oppskrifta, og til fyllet brukte me oppskrifta som står på bake-kakao-boksen (den med smør, melis, kakao og vaniljesukker i).
Ei utruleg luftig og saftig kake.
Nam ;)
I kveld kjem ei sunn venninne på besøk, så kakerestane er trygt plassert i frysaren og grønnsaker med dip står klare på bordet. Takk og lov for at venninna var litt seint ute, så rakk eg til og med oppdatere bloggen før ho kom også :)
Ha ein flotters kveld, klem frå Linda

Plassert meg på kartet


Jeg har plassert min blogg i Stavangernorske bloggkart!

Såg dette i ein anna blogg. Plasser deg du også.

Eg har også registrert meg på Bloggurat.

Ha ein fin kveld :)

søndag, september 20, 2009

Sunday, sunday people


Foto: på bildet ser du snev av Caravaggio, Billy, Norden, Minimegapapirkledde boksar, barnebøker, faglittertur, skjønnlitteratur og interiørmagasin i skjønn forening.

Eg lurer på kor mange gonger eg har sagt det i bloggen, men søndagar er den beste dagen i veka. I dag var det slik herleg skarp lukt av haust ute, og den låge haustsola var også med på å forsterke inntrykket av at nå er hausten her verkeleg. Kjekt :)

Foto: Eldstemanns leikebilar innkjøpt for ein slikk og ingenting hjå Notre Dame i København for mange år sidan.

Sjølv om søndagane for så vidt er travle med ungar som flyg inn og ut dørene, og mat skal tilberedast til små og store, og vaskemaskina som durar og går, så er det noko spesielt kjekt med søndagar. At det er så stille, og at me kan ta alt som det kjem er det beste, syns eg. Håpar at du som les har hatt ein fin søndag også.
Foto: Mine siste tekstilvarp frå Fretex
Eg som har klagd over utvalet av retrostoff på Fretex her i byen, er nå nødt til å bite i meg dei negative utsagna. På fredag hadde eg nemleg flaksen med meg og fann eit par meter av kvar bit av stoffa på bildet over. Gøy.
Under ei lita opprydding i garnkorgene mine dukka mamma sine gamle symønster fram. Eg trur jammen at kjolen mamma sydde til meg utifrå mønsteret under (de kjolen jenta til venstre har på seg) befinn seg i Almas klesskap. Den skal de få sjå ein dag, den er knallfin...
Hvit Stil har ei utfordring i bloggen sin i dag, og den er at ein skal liste opp tre ting som gjorde ein glad i dag. Her kjem tre av mine gleder :
*at Alma sykler som om ho aldri har gjort anna på tohjulssykkel med støttehjul. Nå som me har ny baby i hus er det lett å gløyme at ho berre er så vidt 2 år.
*at nabojenta på 9 år kom til meg for å lære å strikke. Nå må eg styre meg så eg ikkje overøser henne med garn og pinnar.
*at bestevennen min har bursdag i dag, og at eg straks skal ringe og tyte med han :)
Har du lyst til å ta oppfordringa, så hiv deg på :)
Jepp, nå skal eg prate i telefonen.
Ha ein fin kveld, så bloggast me i morgon også.


klem frå

lørdag, september 19, 2009

Helgas ugleprosjekt

Sjekk kva me skal lage i helga. Var ikkje desse Wise Guys frå Mibo kule? Fann linken via den knallkjekke danske bloggen Spagats. Dersom du også ynskjer lage slike klikk her

Til nå i dag har me berre slappa av innandørs. Hadde lyst å dra på loppemarked for å kikke, men å gjere slikt med tre små barn er ikkje det mest optimale ein kan føreta seg. I staden skal me bake sjokoladekake og kose oss inne.
Ynskjer alle som er innom ein flott laurdag :)
Tudeluuu.

fredag, september 18, 2009

Stjerner i sikte

Etter å ha blitt skikkeleg frista av Drømmen om en eplehage, har eg også gått til innkjøp av stjernetepper hjå Princess. For 2 x 159 kr vart det litt fornying på rommet til eldstemann. Han måtte jo nesten få tepper som matchar perfekt med sengeteppet eg kjøpte hjå Mollys Heaven i si tid. Satser på at bretten på midten glattar seg ut etterkvart som dei vert trakka på :)Tre knaggar forma som små bilar (kjøpt hjå SMAK) sørger for orden i utkledningsdraktene hans også. Her kan ein kle seg som både Darth Vader, ridder, konge og indianer alt etter som.

Ei toalettveske til 89 kr kunne eg ikkje gå frå. Ei heller lavendelhåndsåper til 39 kr per stykk. Alt hjå Princess.
Kor lenge har me ikkje likt stjerner? For ikkje snakke om prikkar. Det er rart at billigkjedene er så pass seine med å komme med produkt som det er stjerner eller prikkar på. Tenk kor mykje dei ville ha solgt om dei hadde lansert kolleksjonane sine litt tidlegare, i staden for å komme med det når markedet nesten er metta. Vel, vel, det var dagens digresjon. Eg (og heldigvis eldstemann) er glad for å ha stjerner i sikte på rommet hans.
Eg kjenner kreativiteten boble etter ein kjekk surferunde i dag. Gledar meg til å dele funna med dåko.
Ha ei flott helg, og ein fin fredagskveld :)

torsdag, september 17, 2009

Du ser det først hos Den gode feen ;)

Denne veka har det kome mange nye utgåver av interiørblad i bladhyllene på butikkane, og eg har som sedvanleg sikra meg nokre eksemplar.
.
Nokon som drog kjensel på filt-teppet forma som ugle i siste ROM 123? Den har eg nemleg vist i bloggen min for eit år sidan ;) I innlegget publisert 25. september 08 skreiv eg at eg digga teppet som var avbilda i ei av dei japanske bøkene eg kjøpte meg.

Eg diggar framleis ugleteppet, men har ikkje kjøpt det. Til mi store overrasking fann eg teppet til salgs hos Rom for mer her i Stavanger ei stund etter at eg skreiv innlegget, men eg aner ikkje om dei har det inne lengre.
.
Teppet er ein sånn typisk ting som eg aldri kjem til å kjøpe, men som eg alltid kjem til å hugse og kanskje angre på at eg ikkje gjorde. Fleire som har det slik? Ha ha, eg angrar for eksempel den dag i dag på at eg ikkje kjøpte eit knallfint miniskjørt når eg var på Mallorca i 14-årsalderen ;)


Etter å ha lese mange nye blader må eg innrømme etter at behovet for å kjøpe litt nytt til hus og heim er betrakteleg auka. Her har eg plukka ut nokre favorittar eg har nett nå.
.

Sjekk desse kule putene frå Wendt design (BoligLiv 8/09). Kunne forresten tenke meg det meste på sida:
Tenk å ha bytt ut Ektorpen med denne spenstige sofaen (samme BoligLiv utgåve som over):

Eg elskar kjøkkenutstyr og duppedingsar. Gryter og ildfaste former frå Le Creuset står på ønskelista, og eg har også knallyst på børsten og sleivene frå Normann (Interiør Magasinet 3/09):
Eg skulle ønske eg var millionær når eg kjenner eg har lyst til å kjøpe alt mulig.
.
Då er det godt at fornuften sigrar, og det einaste eg kom heim med etter dagens handlerunde var denne sleikepotten frå Le Creuset ;)


Ha ein fortreffeleg torsdagskveld - det som er igjen av den.
.
Me bloggast i morgon også :)
Bouna notte!
Related Posts with Thumbnails