søndag, januar 31, 2010

Komplett samling

Ved hjelp av QXL er nå Jason-samlinga mi komplett. Jason og Sinna-Guri kom i posten forrige veke, og eg har fått ro i sjela ;) "Den er min, den er min", ropte Alma av fryd då ho såg eg pakka opp boka. Nei, kjære Alma. Dette er den barnslege mor di sin. Men du får sjølvsagt låne den ;)

Teikningane av sjølve Sinna-Guri er på kanten til å vere skikkeleg skumle, så eg trur ikkje dette vert sengelektyre for dei søte små enno iallefall :)


Ute i blogglandia finst det skjønne englar med hjarte av gull. Desse supre stoffrestane fekk eg av ein lesar, og vart sjølvsagt hoppandes glad. Veldig overraska og veldig glad. Tusen tusen takk snille Amalie78 :)

Dersom du er lei av alle pakkane eg får i posten bør du ikkje komme innom bloggen min i morgon. Eg har fått to pakkar til som ikkje er vist fram. Århundrets pakkar. Vent og sjå ;)

Og i dag stod me opp til puddersnø oppetter vindaugo. Jubel blant alle familiemedlem under 8 år, grynting frå dei over 8. Dagen har blitt nytta til måking, snøhyttelaging og i akebakken. Og appelsiner og spel innandørs. Hektisk og herleg. Nå skal eg rett og slett lage med ein kopp kakao.

Tusen takk for responsen på oppskriftsbloggen. Det er veldig motiverandes.Eg kjenner også at eg får litt ånda over meg til å lage ting , for bloggen kan jo ikkje vere tom.

Ha ein flott søndagskveld :)

lørdag, januar 30, 2010

Kreativ laurdag


Det er mange år sidan eg først laga Kanzashiblomstrar. Rett og slett så lenge sidan at tutorialen eg nytta ikkje finst lengre. Eg finn den iallefall ikkje. Sidan det er mange nye lesarar innom bloggen min, tenkte eg å visa dåko korleis de lagar slike. Det finst garantert mange slike framgongsmetodar ute i nettverda, men nå viser eg iallfall korleis eg gjer det. Som de ser har eg piffa opp ein av Alma sine toppar med Kanzashi blomsterbrosjer i dag, men tidlegare har eg dekorert alt frå vesker til juletre med desse ;)



For å få eit ryddigare inntrykk har eg laga med ein ny blogg (Feens oppskrifter) der eg legg oppskrifter ut. Første oppskrifta er altså Kanzashi blomster.


Ei herleg overrasking dukka opp i postkassa hin dagen. Berre av tapen på gråpapiret skjønte eg at dette var heilt i mi gate, og sjekk innhaldet.
Snille Strikkelise ville dele litt av sitt fantastiske soppestoff med meg, og sjekk alt det fine eg fekk attåt. Jubel i heimen. Her var det nydelege gamle oppskrifter frå Stil, eit påskehobbyhefte, kjekt kort og verdas finaste knappar. Tusen millionar takk, snille du!

Då er det straks laurdagskvelden, og strikkepinnane venter på meg i sofaen og Mikkes Klubbhus på TV'en ;)
Ha ein finfin kveld alle saman, klem frå Linda

fredag, januar 29, 2010

Fredagskos

Har de sett kor mykje fine stoff Ikea har inne nå om dagen? Hin dagen då eg var innom, var det halv pris på all metervare, og eg fall pladask for dette stoffet her. Eg måtte berre teste korleis det tok seg ut på spisebordet...

...men eg er ingen duk-person, så stoffet skal nok heller nyttast på puter eller vesker. Nei, eg trivst best utan duk på bordet:

Eg hadde tenkt at eg skulle vise dåko nokre av gåvene som har kome via posten i det siste. Eg er redd for at det skal oppfattast som veldig skrytete og ekle sjå-kor-heldig-eg-er-innlegg. Men samstundes er tinga så fine og eg er så utruleg takknemleg, at eg meinar det verkeleg er på sin plass at gjevar får oppmerksomhet.


Like før jul ramla desse pulsvantane ned i postkassa mi. Finare strikkearbeid skal ein leite lenge etter. Sjå kor små maskene er, og sjå kor nydeleg tistelfargen er. Det var søte Frk. Badegakk -strikkedronninga i eigen person - som sendte meg desse som takk for eit uglemåleband eg sendte henne. Vantane har vore i bruk kvar dag, varme og gode som dei er. Bloggen til Frk. Badegakk er vel verdt eit besøk, der kan du sjå andre knallfine strikkaplagg, og masse nydelege oppskrifter.


Søskenbarnet mitt er strikkedronninga i familien vår. Kvar jul knip eg på småfeane sine julegåver frå Hobbyhus-familien. Når pakkane er mjuke så utbryt eg eit stort og lukkeleg YES! Nå har Merete strikka igjen, tenker eg ;) Alma fekk verdas finaste strikkakjole til jul, har eg vist dåko den forresten? I går kom det nok ein pakke med strikkating i posten, frå snille Merete. Hurra. Alma hylte av fryd. Og det gjorde eg også. Heilt perfekt. Verdas finaste vottar og og verdas finaste strømper. Blomsterranda på dei rosa strømpene stikk akkurat over vinterskorne, og er berre supersøte. Tusen tusen takk!


Ikkje alle gåver har kome via posten. Samson er i full sving med å lære samanhengande skrift på skulen (2. klasse), og eg vart heilt rørt over dette "brevet" han kom heim med i går *smelt*.

Ikkje sant det er herleg med helg? Eg elskar verkeleg helgene sjølv nå når eg har permisjon. Det er så godt å ikkje ha på vekkarklokkene. Ikkje ha planar. Finne på kjekke ting med ungane. Gjere noko kreativt... Nå er teen min klar, og sofaen kallar. Eg skal kikke i dei nye Paumes-bøkene mine (Atelier-bøkene). Meir om dei seinare.
Har du planar for helga? Kos deg iallefall, samme kva du planlegg.

Klem frå Linda

torsdag, januar 28, 2010

Vinnaren er kåra

I kveld har me hatt ei uhøgtideleg trekning av vinnaren av Kartell-lampa. Heile 285 besøkande hadde lyst på lampa, og det er ny rekord for antall kommentarar på eit enkelt innlegg i min 6-årige bloggkarriere. Utruleg kjekt at de vart glade for å få muligheten til å vinne lampa, og over alle dei fine orda de kom med.

Heile familien her var engasjert. Både i utklipp, samanbretting og trekking av ein vinnar. Alle fekk trekke kvar sin lapp til semifinalen, og Alma fekk til slutt trekke vinnaren.

Semifinaleplass fekk BeBe's blogg, Tone M, Edrun, Karen forutan vinnaren.
Så var det finaletrekning, og
..tarataratam..
vinnaren vart...
....anonyme Tina, som skreiv som følgjer i kommentaren sin:

Tittei!

Jeg hadde motsatt problemstilling av deg, så meg rundt og så flere plasser lampa kunne passe perfekt:) Krysser fingrene!
Dette er forresten en slags merkedag for meg, har med stor glede lest bloggen din lenge, men aldri før turt å gi lyd fra meg:)
Tina

Så kjære Tina, er du snill å sende meg adressa di, så er lampen straks på veg i posten. Gratulerer!

Og du snakkar meg om pakkar i posten. De anar ikkje kor mykje fint som har kome postvegen til meg i det siste. Vent til i morgon så får de sjå. Det er nesten så eg må dele det opp i kvart sitt innlegg, for kvar gåve fortener veldig oppmerksomhet. Eg er med andre ord tilbake med nytt innlegg i morgon :)

God kveld og god natt :)

onsdag, januar 27, 2010

Litt syboknytt


På kveldens surferunde kom eg over desse bøkene av Lotta Jansdotter. Lotta er svensk, men flytta til USA som 20-åring. Ho er grafisk designer og har eige studio i Brooklyn der ho lagar ting for salg. Ein draum for mange av oss kan eg tenke meg :)



Bøkene ser aldeles herlige ut, og prisen var heller ikkje avskrekkande. Hadde det ikkje vore for at eg svidde av ein del penger på "Bli 10 år yngre på 10 dagar"-aktige bøker i går kveld, så hadde det tikka inn nok ei bestilling frå meg hjå Capris.

Når eg tenker meg om ein gong til, så legg eg all fornuft til sides og bestiller desse to bøkene eg. Sjekk kor kule bileta er då:


Ha ei riktig god natt. I morgon fyrer eg laus trekning av Kartell-lampen, så kom innom :)

Dette lovar godt


Det ser ut til at Fretex'en min er utømmeleg for finfine stoff for tida.  Dette er gårsdagens innhamstring. Eg er til stadigheit på jakt etter brunt stoff i kraftig bomullskvalitet med kvite hjerter eller kvite blomstrar på, men dette kvite med blå hjerter får duge inntil draumestoffet dukkar opp. Og det rosa som ligg øvst i bunken fekk eg høg puls av ;)

Tusen takk for fine kommentarar angåande Jojo. Planen min er å male den gule stolen og den gule spegelen JoJo-blå. Eg vil ha meir blått inn i interiøret. Det blir så bra :)

I dag kosar eg meg inne. Fyr i ovnen, te i koppen, Simon søv godt, og alt ligg til rette for ein kreativ dag :)

Før eg ynskjer dåko ein fin dag har eg lyst til å tipse dåko om eit nydeleg innlegg eg las i morges. Innlegget er i bloggen til Kristin (Vingesus og julebrus), og handlar om å leve her og nå. Eit veldig trist innlegg, men også ei god påminning. Livet er så utruleg sårbart når ein er glad i nokon. Eg vil også legge til: dersom du har barn, så forteller du heilt sikket ungane dine kor glad du er i dei. Men skriv det gjerne ned også. Pappa døde når eg var seks år, og gull verdt for meg har i alle år vore eit postkort han sendte til meg frå Nordsjøen. Der står det svart på kvitt at han var glad i meg og at han sakna meg. Det har vore veldig godt. Eg trur ikkje det finst postkort som er lese fleire gonger enn akkurat dette kortet. På grunn av mine eigne erfaringar er eg sikkert litt overdrevent klemmete/kosete/tytete med mine eigne ungar, men betre å sei ting ein gong for mykje enn ein gong for lite. Så dagens oppfordring frå denne kanten: fortel dei rundt deg at du er glad i dei. Det skal eg gjere.

Ha ein god onsdag, klem frå Linda som tydelegvis er tytesjuk ;)

tirsdag, januar 26, 2010

Retro epler og (verdas finaste?) blåfarge laga av meg


Som nevnt i går kveld, får de nå sjå eplene Helle hadde klypt ut i verdas finaste retro tapet til meg. Gjett om eg vart glad, og gjett om eg hadde tid til å ramme dei inn? Neida, her skjer ting litt sånn tjapp-tjapp når eg har ei ledig stund. Eg hadde to lerret som eg kleiste på eit tjukt lag kvitmaling, og så klistra eg eplene fast i den utørka malinga. Plasserte det heile like under varmepumpa, og i løpet av minuttar hang eplene så kjekke på veggen.

De som kjenner meg veit at veggdekoren til stadigheit bytast ut her i stova, og akkurat nå ser det slik ut:


Like før jul fekk eg og 14 andre bloggarar tilbod om å blande vår eigen farge til ei ny fargekjede (Kulør) som skal lanserast 1. februar. Kvar bloggar blanda tre forskjellige fargar, og så har ein jury plukka dei fargane dei har likt best. Nå er palletten klar for lansering, og her ser du eit utdrag av palletten. Av mine fargar har dei valgt fargen JOJO.



Når eg blanda fargen såg eg for meg ein farge som kunne ha vore fin på eit gammalt stort ærverdig klesskap eller ei gammal hylle. Og resultatet vart altså fargen JoJo. Håpar du også likar fargen.

Sånn ellers haglar det inn med kommentarar og mailar angåande Kartell-lampen i går. Tusen takk, men eg må be alle om å skrive kommentar under gjeldande innlegg. Det er frå dei eg kjem til å trekke. Så om du sender mail - hugs også å kommentere i tillegg ;) Kjekt at så mange vil vere med på trekninga. Eg lever litt etter mottoet: den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad :)

Og for deg som bur i Stavanger fekk eg også eit tips på mail om dette gratis bordet som må hentast på Hinna. Knallfint. Første mann til mølla.

Nå må eg fyke ut dørane. Men ynskjer deg ein super dag før eg flaksar med vingene.

mandag, januar 25, 2010

Har du lyst på ein Kartell-lampe?


I det siste har eg hatt skikkeleg vinnarlukka med meg. Fullstendig overveldande og utruleg kjekt for meg som aldri pleier vinne. Forrige laurdag fekk eg ein særdeles hyggeleg telefon, om at eg hadde vunne ein premie i adventstrekninga til Møbelgalleriet her i byen. Juhu! Eg elskar Møbelgalleriet, eg elskar å vinne og eg elskar kjekke telefonsamtalar. Kunne ikkje blitt betre rett og slett :)

Premien var takpendelen E' frå Kartell med svart skjerm (ca 15 cm i diameter). Knallfin designlampe og flott premie. Eg har kikka meg rundt både ein og to gonger, men eg finn liksom ingen stad i huset vårt som den passar inn. Eg tenkte derfor at eg skulle gi den til DEG. Eg kan jo ikkje garantere at akkurat du vinn lampen, men skriv du ein kommentar under dette innlegget er du med i trekninga.

Og sjå bort frå alt rotet på bordet på bildet over. Eg trøstar meg med at i ein kreativ familie er det litt kaotisk og rotete, he he. Her er samme lampen, men i vegglampe-varianten:

Og mens du kanskje håpar at det vert deg som vinn lampen, så kosar eg meg med kjempekoseleg premie eg vann i den kjekke danske bloggen En fugl i hånden. Helle hadde ein Give away i bloggen sin, og eg vann ein ekstrapremie. Desse nydelege stoffbitane, samt to epler skore ut i verdas absolutt finaste vintage-tapet. De skal få sjå eplene når eg har ramma dei inn :) Eg er så lukkeleg glad over slike kjekke gåver, så tuuuusen takk til Helle.

Nå er eg så spent på om nokon har lyst på lampen, så eg avsluttar dagens innlegg rett og slett :)


Ha ein strålande fin mandagskveld,
kjempeklem frå Linda

fredag, januar 22, 2010

God helg



Dei siste dagane har vore supertravle, der eg innimellom alt det andre har brukt ledige sekund på å setje saman, plassere, skru opp og montere Ikea-innkjøpa mine frå hin dagen.

Det er rart med Ikea. Eg trur ikkje det er nokon andre butikkar eg så brått og akutt får lyst på det eine og det andre i, som eg ikkje var klar over før eg entra varehuset. Det liksom litt som å vere på svenskehandel. Iallfall slik eg ser for meg at det er å vere på svenskehandel. Ein hiv det eine og det andre oppi korga. For den hadde vore fin der, og det hadde vore kjekt der. Og når ein kjem til kassen, og det heile er betalt, så har pengane flagra ut på ting som kanskje ikkje lengre virkar så livsnødvendige likevel. Men vel heime igjen, og med tinga på plass, så klappar eg meg nøgd på skuldra. For dette vart jo riktig så fint :) Bilete av herlighetane kjem kanskje ein av dei næraste dagane.

Og nå er det helg.
Utruleg herleg.
Måtte helga bli god både for deg og meg.

torsdag, januar 21, 2010

Flaskepynt anno 1977


Når eg var liten var dei fleste klesplagga mine heimelaga. Det var ganske vanleg at mødrene sydde klær på 70-tallet. Det var den gong stoff, nål og tråd var billegare enn kjøpeplagg. Slik er det ikkje i dag gitt.

I tillegg til klær, trylla mamma fram dei finaste dukkeklærne og pynt i huset. Desse flaskeforkleda sydde ho til 4-årsdagen min, og eg er like begeistra for dei i dag. Trettito år (hjelp..) etter.

Sjekk den herlege fargesamansetjinga:


At forkleda passar perfekt til Barbie, gjorde at bruken vart utvida, og at dei framleis kan brukast. Kjekt for meg. Kjekt for Alma. Og heilt sikkert kjekt for mamma.

Dagens innlegg skulle egentleg vore piffa opp med eit herleg bilde av barneflokken rundt bordet i november 1977. Iført 70-tallsklær, med boller påsmurt bananer, risboller og forklekledde flasker på bordet. Og fire lys på bløtekaka. Men desse bileta har eg ikkje her. I staden får de ta til takke med dette bildet frå 17.mai 1976, der eg passe kalvbeint er iført skorne i headeren min , he he.


Tusen hjarteleg takk for alle herlege kommentarar på gårsdagens innlegg. Eg vart heilt overraska over antall kjekke kommentarar då eg kom heseblesandes heim frå Ikea :)

Ha ein god torsdag!!

onsdag, januar 20, 2010

Rykande fersk



Kulda ser ikkje ut til å sleppe taket, og eg har funne fram garnkorga og er i gong med å lage litt gode og varme klede til ungane. Dei som har fulgt bloggen min desse seks åra eg har blogga, hugsar sikkert at eg laga haugevis av huer før i tida.


I går fekk eg aldeles dårleg samvittigheit fordi minstemann har  ikkje fått eit einaste mamma-laga plagg enno. Derfor mekka eg saman denne hua i fykens fei, etter ei oppskrift eg dikta for nokre år sidan. Dei brune strømpene strikka eg til Alma, og ved å fjerne blomstrane som hang på dei, passar strømpene vel så bra til ein gut. Oppskrifta på strømpene er Nøstebarns Madam Møllers strømper så vidt eg hugsar.

Gammal knapp frå mormors knappesamling.

Minstemann var kanskje ikkje overbegeistra over å stille som huemodell innandørs, men mammasamvittigheten min steig eit par hakk i det minste. Planen er å dele oppskrifta på denne hua med dåko, men eg må berre gjere nokre justeringar først. Den vart kanskje litt knapp i storleiken...

Nå står faktisk Ikea for tur. Me har vore utan lys i gangen i 2. etasje i nokre månadar, og nå er det på tide å fikse det :)

Ha ein god onsdag!!

mandag, januar 18, 2010

Budeie-handel



I dag er me sååå fornøyde her i heimen. På fredag handla eg litt dill dall frå Budeiesøm, og i dag kom pakken i posten. Snakk om ekspresslevering :) Eg har i lang tid beundra dei fine tinga som Nina syr, og endeleg fekk eg surra meg til å bestille.
Stoffa i dette vognteppet, fargane og samansetjinga av lappane var så fine at eg bestilte det sjølv om Simon ikkje brukar vognteppe, ha ha. Eg tenkte at han kan få bruke teppet som koseteppe, og gliset hans fortel kor nøgd han er :)

Ta turen innom den kjekke bloggen til Nina, og ikkje minst Eplabutikken hennar. Eg kjøpte litt meir også, men det får de sjå ein anna dag.

Nå er det lenge sidan eg har vist fram litt handletips, så nå er det på tide ;)

Genseren som Simon har på seg er ei heilt herleg bestefarstrøye frå Sparkjøp til den nette sum av 49 kr. Alle tre ungane våre har opptil fleire slike, og eg syns dei er kjempefine, mjuke og gode. Løp og kjøp ;)



Nettbutikken TAMO har nå massevis av dei fantastiske Paumes-bøkene inne. Eg har allerede seks stykk frå denne serien, og dei er heilt fantastisk inspirerandes. Fleire bøker må kjøpast inn, men skal berre elle melle først :) Eg lånte bilete over frå nettbutikken, men satsar på at eg vert tilgjeve sidan dette er gratis marknadsføring for butikken :)



Det er januarsalg i haugesvis av butikkar og nettbutikkar om dagen, og eg siklar på desse støvlettane til halv pris hos Min Engel. Lånte bilde derifrå også eg...

Følte liksom at eg hadde sååå mange tips å komme med, men når det kom til stykket så kjem eg ikkje på meir, he he. Eg tar gjerne imot kjekke tips eg også, så ikkje brenn inne med dei :)

Korleis er det med deg, handlar du på januarsalg eller?

Nå må sekkar pakkast, klær brettast og morgondagen førebuast. Ha ei riktig god natt, så bloggast me sikkert i morgon igjen :)
Tudelu.

søndag, januar 17, 2010

Ei bloggefri helg


Eg bevilga meg sjølv ei herleg bloggefri helg. Har knapt lese nyheiter ein gong, og det var heilt herleg. Eg har kosa meg med Pepsi Max (det tomme glasset på bildet over), med masse god mat, og ikkje minst med familien. Mmmm, godt :)


Helga har vore koseleg, hektisk, og avslappande på samme tid. Kvart ledige sekund har eg vore i full sving med å sortere opp i alle utklippspermane mine, til å rive ut det eg vil ta vare på. Og viktigast av alt: kaste det eg ikkje vil ta vare på.

Eg druknar snart i interiørblad. Billy har hylle opp og hylle ned med blader.


Mange andre stader i huset står det også blader.

Eller det ligg i stablar.

Opp i søppelposen med Else Hege og Shabby Larsson. Inn i permane med Frida Mei og Retrovilla. Eg er rett og slett klar for enno meir farge nå. Enno meir farge enn det har vore til nå :)

Men oppryddningsjobben min er vanvittig stor. Det som ligg i søppelposen og på bordet over, er ikkje frå bladene de såg på dei andre bileta. Dei har eg ikkje rørt enno....

Ynskjer deg ei god natt og ei fin veke :)
Related Posts with Thumbnails