torsdag, desember 30, 2010

Godt nyttår!!!

Hei hei,
Med eit gamalt bilde frå arkivet, eit arkiv som ikkje er særleg stort då det berre består av bilder frå dei to siste månadane, vil eg ynskje dåko alle eit fantastisk 2011!
Tusen takk for alle kommentarane og tilbakemeldingane de gledar meg med kvar einaste dag! 
Kryssar alt eg har for at 2011 vert knallbra år for både deg og meg.
Godt Nyttår!!

Klem frå Linda

PS! Eg MÅ berre tipse alle i Kvinnherad og omegn om at LITLE BLÅ på Sæbøvik har 50% rabatt på alle barneklede, og -70% rabatt på alle damekle nå. Bodil Bo og eg skal ta andre runde der i morgon. Møtes kl 11 sånn cirka ;)

onsdag, desember 29, 2010

Den perfekte vekeplanleggaren


For ei tid sidan oppdaga eg Ukeplan.no som selg familieplanleggarar der du kan organisere heile familiens aktivitetar for kvar veke. Ein slik hadde vore perfekt her hjå oss, der det innimellom herskar kaotiske tilstandar for å hugse alt som skal skje.... Det geniale er jo at du får planleggaren med bilete av kvart familiemedlem påført, slik at den framstår som eit kjempefint element i interiøret. Eg syns planleggaren er knallfin, og har allereie ført opp ein slik til neste års julegåveynskjeliste ;)

På heimesida til Ukeplan.no les eg at som tilbehør finst klyper og røyr til å putte whiteboardtusjen i. Bursdagsinvitasjonar og lekseplanar festast på vekeplanen med klyper som har sugekopper. Hmm, direkte genialt. Då er det kanskje håp i hengjande snøre om å finne igjen kjøleskapet bak alle lekseplanane, invitasjonane og rekningane som kamuflerer det ;) Undrar meg på om eg ikkje heller bør ynskje meg denne til bursdagen min. Berre så synd at den ikkje er før i november, he he.

Nyt dagen!

Diggi-loo Diggi-ley

Eg har alltid høyrt frå venner med jentebarn at jentene tidleg fattar interesse for påkledning. Interesse og viljestyrke. Her i huset har me føreløpig hatt det rimeleg enkelt, jentungen har villig gått rundt i det me har tredd over hovudet på henne.

Eg syns eg ser tendensar til at dette er eit overstått kapittel. I dag skulle me ein tur til byen og Alma fekk beskjed om a ta av seg ballerinakostymet, og heller iføre seg bukse. Her ser de resultatet. To slags ballerinaskjørt (H & M) over ballongnickers (Aya Naya) og strømpebukse. Det var rett og slett så sjarmerandes fint at ho fekk lov til å dra slik til byen ;) Blid som ei lita sol der ho danse rundt beina på oss. Dei lilla støvlettane frå Bisgaard som låg under juletreet er kanonfine, og eg skulle ønske det fantes slike for oss med str 38 også.



Det var utruleg dårleg lys då eg i hurten og styrten knipsa bilder i dag, så eg tjuvlåner eit bilde frå Sam og Sofie som viser korleis fargen på støvlettane egentlig er.  Støvlettane er kjøpt nettopp i den butikken. Skinnet er mjukt og godt, passforma perfekt, og Bisgaard er kjende for å vere gode på foten til dei små.

Ha ein flott romjulsonsdag i morgon. God natt :)

tirsdag, desember 28, 2010

Billig moro


Eg får ofte spørsmål om kor dei svarte rammene me har på stoveveggen er frå - seinast i kveld. Eg tenkte derfor å benytte anledningen til å oppdatere bloggen, for å vise at her er liv i leiren trass i stille stunder reint bloggmessig. 

Rammene har eg kjøpt på Clas Ohlson til 79 kr per stykk (trur prisen er sånn cirka det). Rammene er av svartmalt tre (dei er iallefall ikkje av metalltypen som også førast av Clas O). 
Den observante vil legge merke til at me nyleg har fått opp ei rad med tre bilder av minstepusen vår også. Eg diggar dei billige rammene, dei fine bileta (tekne av Bodil Bo) og aller mest (sjølvsagt) herlighetane som er avbilda.

Du og du kor eg kosar meg nå. 
Juleferie. 
Kos med familien. 
Tid til å rydde i korger og skuffer, prøve ei ny oppskrift frå kokeboka, og til og med til å slenge seg litt på sofaen. 
Herlich. 
Dei siste kveldane har eg til og med jobba med jobbrelaterte ting, og det gjer jo berre samvittigheten og den gode kjensla enno betre. 
Bonus liksom :) 
Eg er i overkant mett skal eg innrømme, men det høyrer liksom med det også, he he. I dag gjekk eg til innkjøp av rockering som skal brukast til å få formene på plass igjen utover mot våren. Latterkrampa gjentok seg gong på gong i dag, då me testa rockeringferdighetane i heimen. Så langt har Herr Fe beste teken på rocking, men eg skal gje han hard konkurranse. 
Etterkvart ;)
Ynskjer alle som er innom ei flott romjul!
Klem til alle som vil ha :)


PS! Til slutt må eg berre vise dåko den herlege helsinga eg fekk hjå Krabbelure i går. Rørandes kjekk :) Stikk innom bloggen hennar - den er supergøy og serverar kaker til deg også! Og eg må innrømme at eg er dødsmisunneleg på Wendtputene ho har sikra seg... :) 

fredag, desember 24, 2010

God JUL









God jul til alle dåko, frå alle oss :)

Klem frå Linda og companiet

onsdag, desember 22, 2010

Eit godt tips!


De lurer sikkert på kvifor eg pøser på med gamle bilder, og det er av den enkle grunn at kameraet mitt ligg i bilen, he he. Eg har gløymt å ta det ut av dashbordet etter at me var på helgetur, og derfor er det lite av nyknipsa bilder av julepynt her.


Men eg må berre tipsa dåko om noko kjekt i dag. Me drog ut for å kjøpe juletre, plasttre om du vil, i ettermiddag. Tidlegare i haust såg eg fine trær på Living, og sidan så mange tipsa om dei i forrige innlegg, så drog me der. Der hadde dei to trær igjen! Til HALV PRIS! Eg kjøpte ikkje det med kongler, men eit meir vanleg 180 høgt plasttre med lys som tilbehør.  Treet er pynta nå, og er faktisk ganske så fint.

Men det eg skulle tipse om: på Living er all julepynt halv pris nå. Så me hamstra julekuler, julepapir og adventsstjerner. Kjekt med nytt saman med alt det gamle.

Eg satsar på eit aldri så lite innlegg i morgon også, så eg drøyer litt med å ønske alle god jul.

Er du i rute forresten? Eg har faktisk ei julegåve igjen å kjøpe og litt mat, men det skal bli jul i år også. I morgon kjem gjestene så her kan eg ikkje bli sitjande. Me bloggast i morgon då .....God natt :)

Litt mimring er på sin plass


Akkurat i det julepyntinga nærmar seg klimaks i dei fleste av verdas heimar slår eg til med eit lite innlegg fullspekka av vårleg og sommarslege fargar på interiøret *lol*.


Eg kuttar ut nyttårsinnlegg alla Feens interiørår 2010, og viser i staden ein del gamle bilder frå året som har gått midt i førjulsstria.


Grunnen er at eg skulle hente fram nokre bilder til eit lite oppdrag, og tenkte jo samtidig at dei kunne bli publisert på ny i tillegg.  Så har eg oppdatert bloggen også liksom - snakk om effektivitet :)


 




Bildene talar for seg sjølv og de har jo sett dei alle før, så dette innlegget vart heller ordlaust.

Ha ein flott onsdag!

tirsdag, desember 21, 2010

Plastic Fantastic ??

To av våre elskede småfear har astma, og me har kome fram til at me skal kjøpe juletre i plast i år.... Helsa til elsklingane går jo sjølvsagt framføre estetikken, og eg legg vekk alle mine fordommar utan å måtte blunke.

I den samanheng har eg eit spørsmål til deg. Kor kjøper eg dei finaste falske juletrærne, og har du til og med sett nokon gode tilbod i det siste? Aller helst skal treet ikkje sjå så veldig sånn perfekt amerikansk julete ut, meir som ei gresen gran frå dei djupe norske skogar, he he. Akkurat det vert nok vanskeleg ser eg for meg. Men som sagt - har du gode tips til meg, så vert eg jublandes glad :)

Nå skal eg og eldstemann ut for å handle litt julegåver heilt på tampen. Han vil bruke litt oppsparte midlar på gåver til oss andre i familien, så det vert koseleg.

Ha ein fin fin kveld!

PS! Bildet er lånebilde frå Country Living.

søndag, desember 19, 2010

Koooooseleg lag


Eg og Bodil Bo har kjendt kvarandre heile livet. Gått på barne- og ungdomsskule, samt gymnas saman. Feriert saman og budd saman i ymse kollektiv. Nå er det utruleg kjekt å sjå at ungane våre finn tonen, trass i at dei ikkje møtast så ofte som ein ynskjer.


I dag svinga me innom Bodils heim på vegen tilbake frå ei herleg familiehelg på Halsnøy. Der fekk me boller og brus og masse anna godt. Nydeleg julemusikk, masse lått og løye, masse inspirasjon og ikkje minst Bodils uforgløymelege førjulsdanseshow ;) Godt å kjenne seg sliten i smilemuskulaturen. 


Bodils heim bugnar like raust og herleg som personlegheiten hennar. Eg har funne ut at eg/me har det alt for tomt og sterilt, he he. Så snart han her vesle krabaten er over sin verste sleng-alt-i-gulvet-alder skal ting fram frå skuffer og skap gitt :)


Butikkane i distriktet bugna av herlege ting. Endeleg fekk eg tatt turen innom den vakraste eg har vore innom nokon gong, nemleg Frk. Lande.  Her kjøpte eg meg denne superskjønne God Jul mugga frå BRUKA. Den skal brukast til både gløgg, kakao og mjølk dei neste vekene :) Søren at eg ikkje kjøpte fleire - ville jo ha vore perfekte venninnegåver.


Nå må klær og utstyr ryddast på plass, matboksane finnast fram og finskjortene strykast. Er ikkje juleferie heilt enno :)

Ha ein fin søndagskveld og ei flott kommande veke!

PS! Tusen takk for ubeskriveleg kjekk respons på Dagbladets kåring. Eg har lese kommentarar til den store gullmedalje og er heilt varm innvendig av alt det kjekke de skriv. Tuuuuuusen takk!

fredag, desember 17, 2010

Glede


Så var det offisielt, eg vann Dagbladet og Kulørs interiørblogg kåring som Årets Beste Interiørblogg. Herliga London, meg liksom :) Lukkeleg glad, men samstundes litt tilbakehalden - den teite janteloven sit jo godt forplanta i systemet. Fokuserer på det positive og konstaterer at det er kanongøy å få ei slags anerkjensle for ein tidkrevande skamkjekk hobby. Tusen takk til alle dåko som har stemt på meg :) Velkommen til deg som kanskje har funne vegen inn her for første gong via Dagbladet.no.

Dagbladet Søndag viser eit intervju og ein slags heime-hos-reportasje nå førstkommande søndag, men du kan tjuvstarte med å lese her :)

Denne helga er eg og dei tre små håpefulle på førjulsbesøk hjå mamma. Kjempekoseleg :)

Ha ei fin fin helg då!
Tudeluuu :)

torsdag, desember 16, 2010

Ubeskriveleg kjekt



Blogging medfører fantastisk masse kjekke ting og tang. Ein av desse kjekke tinga er at eg innimellom får utruleg kjekke pakkar i posten. På tirsdag kom ein pakke som fekk gledestårene til å renne nedover kinna mine.

Snille, gode Monja frå Sweet Memories har sendt meg ei førjulsgåve som takk for at eg skreiv så fint om skålene frå RICE. Skåler som eg vann i NIB sin påskepyntkonkurranse. Skulle då berre mangle at ikkje eg viste min takknemlighet gjennom eit blogginnlegg, så at eg i tillegg fekk pakke må eg sei var ei superduper kjekk overrasking. Og du og du for ein pakke som kom. Den er sååååå meg, den er berre heilt perfekt. Kanonfin duk med epler på, KUSMI-te, englespill og verdas finaste nøtteknekkerfluesopp.

Monja, eg er så glad at eg knapt veit kva fot eg skal stå på. Tusen hjartleg takk!




Og når me først er inne på Sweet Memories... så hadde eg tenkt å tipse dåko om nokre perfekte venninne-julegåver. Skålene eg nevnte ovanfor er dei mest brukte skålene her i huset, dei er i bruk kvar einaste dag. Uknuselege og toler varme - blir brukt til alt frå middagsrestar, til godteri og til og med til oppbevaring av perler.

Dette stempelsettet står på mi ønskeliste:


Slike krus med mønster frå Orla Kiely er vel dei tøffaste i verda, eller?

Og sist, men absolutt ikkje minst. Dette nøkkelfuglehuset har eg beundra i lang tid. Billig er det også, og matchar både utedør og dørmatte, he he. Husa finst med fuglar i alskens fargar, så ta turen innom for å finne din favoritt.


Om ei veke er det vesle julafta. Herlighet - ein kan få hjarta i halsen av å tenke på alt ein bør få gjort - både på jobb og på heimebane. Derfor bremsar eg ned tempoet, og planlegg ein kveld der eg skal pakke inn fleire gåver, høyre på julemusikk og kanskje spele sjakk med Herr Fe :)

Ha ein fin kveld du også :) klem klem

onsdag, desember 15, 2010

Roma vart ikkje bygd på ein dag


Ei heller vår mini-pini-pepperkake-by. Me kosar oss veldig med ferdig pepperkakedeig, melisglasur og pynting så snart me har anledning. Kvifor styre med andre kjeks og kaker, når ingen av dei vert spist og endar opp som fuglemat i januar, hi hi.  Dette er siste ferdige hus så langt. Pynta av meg på eine sida...


Og av Alma på andre sida ;) Me har fleire hus på teiknebordet. Samson har bestilt eit hus som han skal pynte med blå pynt, og me skulle hatt både uthus, stall og utedo... Så dette innlegget er altså i To-Be-Continued-kategorien, hi hi. Det hadde også vore glimrandes om me rakk lage mange små hus som førjulsgåver til kjære "tanter" og frøken, men det spørs...berre 9 dagar igjen nå.


Alma har på seg ei fantastisk fin jakke frå Tina Wodstrup kjøpt hjå Sam & Sofie. Både eg og jentungen elskar jakka, så den går i skytteltrafikk mellom bruk og vaskekjellar for tida. Skal prøve å få tatt bilder der de ser den betre ein anna dag :)

Før du stikk vidare har eg lyst til å tipse deg om nokre fantastisk kjekke bloggar og innlegg eg kom over ein kveld:
Sjekk desse fiiiine pepperkakene her.
Eg gjestar Girl of Norway her.
I dag har goajento Kristina på Stord bursdag. Gratulerer knallmasse med dagen din, Kristina. Dagen har blitt feira i tre dagar nå, og fantastiske bilder finn du her.

Håpar du har hatt ein fin onsdag så langt!
See you :)

tirsdag, desember 14, 2010

Oh deer ;)


Dådyr/Bambi-temaet er vel heitare i interiørmotebildet enn nokon gong før. Hin dagen oppdaga eg ein ny knallfin interiørbutikk her i Stavanger. Ein butikk proppa full med fine ting frå merker som Ferm Living, By Nord, House Doctor og liknande. Butikken heiter Kull og fins på Tvedtsenteret (like i nærleiken av Babyshop). Eg kjøpte med dette Dådyr-kjøkkenhandkleet frå By Nord. Eit kjøkkenhandkle som raskt vart omforma til eit putetrekk. Klippe litt her, klippe litt der. Sy ein saum her og sy ein saum der. Pluss ein her og der, og vips ny pute i hus :)


Heitt i interiørmotebildet og heitt hjå Feen. Desse serviettane frå Kremmerhuset måtte eg berre sikre meg mange av - dei vert kjempekoselege å dekke bordet med i jula. Du og du kor eg gledar meg nå :)



I det siste har eg fått knipsa bilder av ein fantastisk kjekk pakke eg har fått i posten, og nye byggverk i pepperkakedeig. Men må spare bildene til fleire innlegg sidan det er smått med tid og dagslys for tida.


Ha ein fin kveld.
Klem frå Linda med lilla hår - huff og huff :)

søndag, desember 12, 2010

41 komma 5 centimeter



Eg kom på at eg har gløymt å vise dåko årets adventskrans her i huset.  Adventsstaken fekk eg for maaaange år sidan av min supersnille bestevenn i Sandefjord. Lurer på om han kjøpte den på Nr.9 eller på ein av dei andre kjekke butikkane der.


Staken er genial, for alt etter kva ein pynter den med så endrar den utsjånad. I år har den fått eit lag med buxbomgreiner rundt kanten (festa med blomsterstreng), nokre fluesoppar på streng, nokre fuglar på streng og ikkje minst: Bambifamilien som sentralt midtpunkt :) Bambiane var eit QXL-kupp i si tid, og fuglane og fluesoppane var del av eit loppemarkedkupp i Bergen.


Som vanleg glimrar levande lys med sitt fråvære. Men sidan vår aller minste søte små ser ut til å ha pyromaniske tendensar må me vente med den slags til han er i seng, eller trygt plassert i Trip-Trap'en ;)

Ei koseleg og hektisk helg har flydd i fykens fei. Frk. Amaryllis sprang ut i full prakt i går, som ei slags velkomsthelsing til helgebesøket vårt. Her er det størrelsen det kjem an på gitt. Kvar ein millimeter tel. Den har blitt målt om att og om att i dag formiddag, og lengda i all sin stas er og blir 41, 5 cm. Hyggelege Hjørdis hadde tippa riktig i år:

Eg tippar at blomen opnar seg på 41,5 cm!
Ha ei god førjulstid!
Hjørdis

Gratulerer kjempemasse til deg :) Send meg adressa di i posten så rekk eg sende deg ein pakke til jul :)
Nå tenkte eg å byrje julegåveinnpakkingsprosessen. Har mista litt oversikten her, og det skal bli godt å få oppdatert listene over kven me er ferdige med og kven som må prioriterast framover. Takk og lov for at butikkane nå har utvida opningstidene sine til kl 22 :)

Tudelu :)

torsdag, desember 09, 2010

Mi trufaste hushjelp

  Alma vår i 2008

Eg kom sånn til å tenke på bildet over frå dette innlegget, då eg såg gjennom bildene frå forrige helg. Me tok ein grundig husavask på søndag, og Alma er med på det som skjer. Jif-sprayen og kluten er noko av det kjekkaste ein kan halde på med. Skitten i klærne og rundt truten etter risbollebakst og etterfølgjande smaking, men like herleg og blid som for to år sidan :)

Alma vår forrige helg, 2010

Det har ikkje blitt tid til mykje blogging i veka som straks er over, men håpar å få tatt litt igjen nå i helga. Me ventar familie på besøk - JIPPI - og planlegg å kose oss maks ilag :) Ha ei fin helg du også!

mandag, desember 06, 2010

Welcome to the jungle ;)


Tusen takk for fantastisk kjekk respons på pepperkakehusinnlegget i går. Eg er overvelda og glad, og ikkje minst varm om hjarta :) Neste gong eg er heime hjå mamma, skal eg ta bilder av pepperkakehuset i hennar gamle kokebok. Det er nemleg pynta med snirklar og krøller, slik ein også kan sjå i Knas-boka.


Eg er ikkje heilt ferdig på pepperkakebaksten for i år. Eg kom nemleg på at eg kjøpte inn slikkepinnepinnar på hobbybutikken for ei tid sidan, for det er jo superskjønt med pepperkake-kjærlighet-på-pinne.  Blir i grunnen spennande å sjå om me rekk lage det. Ettermiddagane har ein tendens til å gå med til juleavslutningar både her og der. Superkoseleg, men travelt :)


Epla-butikken er omsider oppdatert med ting me har hatt liggande vel og lenge. Herr Fe har vore nede for telling etter influensaen kom i hus, og det har ikkje blitt laga noko dei siste vekene. Men har du lyst til å kjøpe veggdyr, jungeldyr eller noko anna i julegåve, kan du jo stikke innom og sjå kva som ligg ute nå :)

Min gode kreative kollega har også starta Epla-butikk. Stikk innom han også, og sjå alt det fine han har for salg :)


Nå er det på tide å ta kveldens oppshining av kåken, men først: gløgg i koppen og ein aldri så liten surferunde rundt til dåko andre :)

Klem frå Linda
Related Posts with Thumbnails