mandag, oktober 31, 2011

Uhu...lag di eiga...Uhu






Bileta treng neppe forklaring. 
Har du lyst til å lage deg ei ugle så følg bileta. 
Lag gjerne mange. 
I ulike storleikar. 
I ulike fargar. 
I ulike mønster. 
Ugler med personlegheit.
Ugler med allsidig bruksområde.
Nemner som eksempel: 
juletrepynt,  pakkedekor, gledesspreiar, fargeklatt.
Lukke til, og god natt :)
Uhu.

lørdag, oktober 29, 2011

Varm i toppen og alpakkafest


Her kjem eit bilderas av Simon iført den ferdige strikkejakka eg har halde på med i det siste.  Den er ganske stretchy, og ikkje fullt så trang over magen som den kanskje ser ut til. Eg har ikkje hatt tid til å væte den og strekke/forme den, for då Simon såg jakka i dag ville han ha ho på med ein gong. Han veit å sjarmere mammo si veit de ;)


Oppskrifta finst, som eg har nevnt tidlegare, i denne boka frå 1982: 

Nå er eg såpassa freidig og deler oppskrifta med dåko, sidan det er så mange som har etterspurt den - og boka ikkje er i handel lengre. Eg strikka jakka i Drops sitt Nepal-garn. Skulle eg ha strikka den på ny, hadde eg derimot kjøpt eit litt tjukkare garn for å få jakka enno større.

 Litt høgare forstørrelse:


Når eit strikkeprosjekt er over, gjer eg meg sjølv "lov" til å kjøpe meir garn. Det er alpakkafest hjå alle forhandlarar av Drops sitt alpakkagarn for tida. Minus 25 prosent på alt Drops alpakkagarn fram til 31. desember.  
L O V E L Y 
for oss som elskar garnet, fargane og å klirre med både heklenål og strikkepinnar.


Nå skal eg gå å stjele meg ein kos hjå denne herlege krabaten her. Best å gjere det nå, før eg havnar i fengsel for deling av gamle oppskrifter ;)

Ha ein flott laurdag. Håpar solstrålene treff nasa di også!

fredag, oktober 28, 2011

Fint og enkelt


Me har julegåveverksted dagleg for tida. Iallefall dei ettermiddagane som ungane ikkje er på fritidsaktivitetar. Huset ser ut derettter - me går og trakkar rundt i paljettar og perler og støvsugaren får verkeleg køyrd seg.

Her er resultat av gårsdagens perlestund. Ein liten blomst av Hama-perler, smykkelim og hårnålmed "plate" til å feste ting på - vips ei spenne med sjarm. Supert å få til for ungar som ikkje har tolmod til å fylle eit heilt brett med perler.

Eg er nett komen heim frå jobb, sola skin, og favoritthelga sparkast i gong. Helga med ein ekstra time er digg! Nyt den du også *smiler*


Meir om vesten/oppskrift etc finn du her.

torsdag, oktober 27, 2011

Planen er klar


Plan for helga er klar. Herr Fe har kjøpt inn tre gresskar. Eit lite til minstemann, eit mellomstort til mellomstemann og eit stort til størstemann. Mor sjølv er ikkje sånn superfan av amerikanske tradisjonar, men her i Stavanger er Halloween STORT. Eller kanskje det er blitt sånn i heile landet etterkvart. Alt for ungane, så her er helgeplanen at det skal førebuast til Halloween på mandag :) Enn så lenge står gresskara og strålar på kjøkkenbordet saman med tomme fine skåler (Bloomingville).


Litt kakeinspirasjon frå Etsy til slutt:




 God natt og god fredag til deg der ute :)

onsdag, oktober 26, 2011

Raindrops...

Regnet har, bank i bordet, glimra med sitt frå være dei siste dagane her i Stavanger. I stadan har hausten vist seg frå si beste side, om du ser vekk frå den sterke vinden som blant anna har gjort at porten vår nå flatar ut i horisontalen. Pytt, så lenge som det er opplett og sol *sjokk*, så toler me at porten må fiksast. Porten er livreddande, då den hindrar små søte fear å springe ut i verda på eiga hand, så den må me ha.  Gråværsskyene nærmar seg imidlertid faretruande i horisonten, og eg deler derfor nokre oppmuntrande funn frå Etsy. Lenke til butikk finst under kvart bilete.  


 Finfint.


Fin onsdag til deg som er innom :)

mandag, oktober 24, 2011

Fred




Fred
Jeg skulle ønske at alle hadde et sted å bo.
Jeg skulle ønske alle hadde mat og drikke.
Jeg skulle ønske alle hadde medisiner og varme klær.
Jeg skulle ønske at alle kunne gå på skolen.
Dette er mine ønsker for verden.

Samson (snart ni) i samband med FN-dagen 24. oktober 2011.


fredag, oktober 21, 2011

Knask


 Risboller
1 pakke Delfiafeitt
2 plater kokesjokolade

4 egg
2-3 kopper sukker (avhengig av storleik på koppen)
1 ts salt
 Puffa ris til passe røre

 Pisk egg og sukker til eggedosis og tilsett salt. Samtidig smeltar du delfiafeitt og sjokolade i ei panne (eg pleier bruke Dronning kokesjokolade). Hell det smelta feittet og sjokoladen oppi eggedosisen mot slutten av pisketida. Bland i puffa ris (pleier bruke litt over halv pakke til denne røra). Ha passe stor mengde risbolleblanding i muffinsformer. 
Mmmmm



I veka som gjekk hadde vår elskede Herr Fe bursdag. Med små born i huset må dagen feirast, anten ein likar verte eldre eller ikkje. Dolly Pizza, pakkejakt, ballongar, kaker, risboller og festhattar er oppskrifta på ein vellukka 38 - årsdag :) For ikkje å snakke om bursdagssangen då. Når også 2-åringen stemmer i så er me nesten eit kor. Hurra for Herr Fe, We love you :)

Nå er det fredagsstemning for fullt. Her kan ein velgje om ein vil fokusere på skitne regnklede, skitne matboksar, halstørkna middagsrestar på bordet, eller stupe i sofaen og sjå barneTV. Ikkje vanskeleg å prioritere det siste :) Fin helg til deg også  :)

PS! Dei første bileta er reprise. I fare for å bli beskulda for å skrive ein matblogg måtte eg ha med eit interiøralibi ;) Ciao


tirsdag, oktober 18, 2011

Spar på dorullane


 
 
 

I helga kosa heile gjengen seg med saks, papir og stoff. Og dorullar. Me hadde ingen bestemte planar, men vips så hadde Alma og eg laga dorullkoner. Ein meir moderne variant av den tradisjonelle dorullnissen kanskje. Ikkje sant dei vart koselege?  Dorullane vart kledde i diverse herlege stoffbitar, filt, piperensarar, band, lim og papir. Det er så kjekt med slike prosjekt som vert til samstundes som ein sit der utan mål og meining. Bileta av konene vart knipsa i skumringa i kveld, det er derfor kvaliteten er så kornete. Eg skal nok spandere skikkeleg dagslys på dei ein anna dag.



Ha ein fin tirsdagskveld.

mandag, oktober 17, 2011

Nytelse



Eg har blitt vaksen.
Eg likar kaffi.
Rettare sagt: eg kan drikke kaffi utan å verte svimmel.
Slurp.
Nokre herlege minutt i sola.
Strikketøy, ullteppe, tøfler og strikkejakke.
Barnelatter i gata.
Og så kaffi då.
Slurp.

søndag, oktober 16, 2011

Kakedraum



Me har hatt koseleg tante-Anne-besøk i helga. Tante Anne (Herr Fe si søster) er nå vel heime i Oslo igjen, og det er merkeleg tomt i huset.   Mykje lott & løye, jentekveld på byen, spasertur, lammelår, gåver, klemmar, boklesing, beina høgt, filmar, tyting og enno meir lott & løye er ord som kan oppsummere ei god helg. Batteria er lada igjen.

Er det besøk, så er kcaloriane ikkje-tema. Alma si favorittkake var laurdagsdesserten. Mmmm. 


Oppskrifta er reprise frå dette innlegget

Osteiskake med daim alla Den gode feen
2 dl sukker
3 eggeplommer
1 philadelfia ost
1 ts vaniljesukker
Pisk dette godt.
3 dl fløyte
3 eggekviter
Piskast stivt. Dette kan ta tid, og det er viktig at bolle og miksepinnar er gullandes reine. For å vere bombesikker på at du skal få røra stiv, kan du piske eggekviter og fløyte kvar for seg.

Bland dei to rørene, og bland i hakka daim. Spar litt daim til å ha på toppen

Hell dette over knuste Digestive kjeks og smelta smør til bunn.
Frys. Etter at kaka har stått cirka 40 minutt i frysaren heller eg over hakka daim til "pynt". Grunnnen til at eg ventar til den har starta fryseprosessen er for å hindre at daimen skal drukne i kaka. Du kan eventuellt strø over hakka daim like før servering.

Iskaka kan varierast i det uendelige ved å blande med bær, Oreo Cookies etc etc... Den er også kjempegod heilt plain - utan verken Daim eller anna innblanding.


Ha ei fin kommande veke!

fredag, oktober 14, 2011

Sweet Memories Gje Vekk'en

Hei alle saman. Dagens tips: Sweet memories har ein fantastisk give-away på gong, og det er berre ei veke til trekning. Eg deltar i konkurransen, og har dermed mulighet til å både vinne gåvekort på 1000 kr, samt på weekendsett frå Sandersson. Spennande. Delta du også då vel *smil*
 
Saksa frå Sweet Memories bloggen (meir info finn du her) :

 Det var kanskje på tide med et lite lotteri igjen?


Denne gangen er hovedpremien et gavekort på 1.000,-ifra nettbutikken.
I alt kan du trekke 10 lodd,husk å si hvor mange du tar i kommentarfeltet.


Og så til en ekstra liten kjekk sak for dem med blogg:


Den som lager et innlegg om give-awayen på bloggen sin og linker i innlegget til dette innlegget,er med i trekningen av et Weekendset ifra Sanderson.Jeg lodder og sender ut 8 stykker.Legg inn linken i kommentarfeltet om du velger dette.


For dere uten blogg eller Facebook,legg igjen navnet ditt eller et annet kjennetegn for at jeg skal kunne kontakte deg om du vinner.Det er viktig at du selv følger med på trekning og sender meg en mail med adresse,ellers så finner jeg deg ikke.Om du ønsker det kan du legge igjen mailadresse,dog det er jo personlig og innlegget ligger jo ute en stund.Men det er opp til deg.


Trekning er den 22.oktober.

Lykke til!:)



God helg,

Linda



onsdag, oktober 12, 2011

I love you


Eg har ein plan om å bruke bokstavane frå det forrige bruktfunnkuppet mitt til eit bilete. Enn så lenge sender bokstavane ut ein flott setning der dei står i settekassa.  Ei settekasse som eg forøvrig også har planar med.
Tusen takk for alle fantastiske kommentarar de legg igjen her inne, eg blir så glad så glad :)
Everyday I love you
Ha ein flott onsdagsettermiddag og kveld
Related Posts with Thumbnails