tirsdag, november 29, 2011

Stjerner av matpapir



I helga hadde eg plan om å ta bilete for å vise deg korleis lage fine vindusstjerner av matpapir/bakepapir. Dagslyset svikta imidlertid, og matpapirstjerne-"tutorial" let difor vente på seg. Her er det mørkt som svarte natta både når eg går om morgonen og når eg kjem heim på ettermiddagen.

Medan du ventar på "mine" stjerner kan du ta turen inn til Linn og sjå korleis du lagar desse fantastisk fine stjernene hennar (det siste bilete er frå hennar blogg). Eg var forresten så heldig å treffe skjønne Linn på Interiørmessa i Bergen i september. Stikk inn til  Home by Linn og bli inspirert nå då :)

Tudeluuuuu :)

mandag, november 28, 2011

1. søndag i advent


Mammo og pappaen på kvar sin sofa.
Den eine i tøfler, den andre barbeint.
Dei to minste ser Madicken på den bærbare.
Den eldste spelar Zelda med pappaen.
Berit gjer det umogeleg å bevege seg utanfor husets fire vegger. 
Ein herleg 1.adventsdag er over.
Batteria er lada.
Ny hektisk veke i morgon.
Eg kjenner eg er klar!
Håpar du også er det.
Klar for ei veke av den beste sorten.

søndag, november 27, 2011

Ein havredraum.. og to.. og tre

 



Ei luksusutgåve av barndommens havrekuler. 
Knallgode, og den perfekte førjulshelsing.
Her er det ferdig pynta til advent. 
Ute røskar stormen i alt som er bevegeleg.
Fyr i omnen, varm te i koppen.
Favorittdagen er i gong.

Herleg søndag til deg!

onsdag, november 23, 2011

Perlepynt

For nokre veker sidan perla småfeane og eg snøkrystallar av kvite Hama-perler. Strengt tatt var det eldstemann og eg som perla dei. Den minste tulla og kasta perlene rundt, medan midtimellomste var utolmodig og gav opp før ein krystall vart ferdig.

I helga tok eg juletreet, som forøvrig har overlevd sidan forrige jul, inn i varmen nokre minutt for å ta bilete av pynten.




Tusen takk for alle fantastiske kommentarar på pepperkakehuset! I love you all ;)

Tudelu

tirsdag, november 22, 2011

Pepperkakehus til pepperkakebyen




Då er me straks på veg til byen for å levere dette pepperkakehuset til Pepperkakebyen.
Med huset har eg fått gjennomført ein plan eg har hatt sidan i fjor.
Nemleg å strø glitter over taket.
Det håpar eg nemleg vert fint i dunkel belysning.
Som frossen glitrande snø på taket.
Så gjenstår det å sjå om huset overlever ferda gjennom byen.

Fin tirsdagskveld til folket :)

mandag, november 21, 2011

Sweet as can be

Mmmm, kva er betre enn ein herleg kopp te? Ingenting smakar betre enn Christmas tea frå Kusmi seint i November.
Hugsar de at eg så begeistra fortalde at eg hadde henta pakke i posten i forrige veke?

Det hadde seg nemleg slik at eg vart så frykteleg inspirert av desse bileta her, frå dette innlegget:


Eg er litt frekk & freidig og tjuvlånet bildene til Monja nå, men eg skal straks inn i bloggen hennar og spørre om det er greit altså *promise*. Vel, tilbake til inspirasjonen. Monja har desse herlege formene frå Green Gate til halv pris i butikken sin, og eg såg for meg koselege matgåver til venner og bekjente i førjulsstria. Det eine førte til det andre. Og vips hadde eg handla mange herlege julegåver frå Sweet Memories. Eg elskar den butikken, og kunne ha tripla bestillinga minst. Sidan mesteparten av varene var julegåver, kan dei ikkje visast fram her inne enno. Kakeformene er perfekte til alt frå julebrød, delfiakaker, og også til avlange minipepperkakehus? Hm, sistnevnte må definitivt testast ut.

Sånn i ettertid angrar eg veldig på at eg ikkje handla ting til meg sjølv også, sjekk for eksempel den herlege soppelysestaken i lånebildet under. Ajajaj. Dersom julenissen lurer, så kan han bestille alt han vil i Sweet memories-butikken og eg vil verte superduperglad. Julenissen må imidlertid skunde seg litt, då Sweet Memories ikkje sender ut varer etter 15. desember eller deromkring ;)



Rause, gode Monja, hadde lagt Kusmi-teen oppi som ei førjulshelsing til meg, og eg vart så inderleg glad. Tusen takk, eg skamkosar meg med ein pustepause over tekoppen titt og ofte!!


 Her er dei herlege kakeformene, som berre ventar på å bli fulle av godsaker :)
I morgon er den store "levere-inn-pepperkakehus-bidraget-vårt-dagen". De får derfor sjå bilder av huset i morgon - og kanskje nokon frå overleveringa? Eller, når eg tenker meg om, så er det nok tvilsomt med bilete frå overleveringsseansen, sidan det garantert er både mørkt og dunkelt så seint på ettermiddagen. Har du laga hus til pepperkakebyen forresten? Håpar byen vert fin og stemningsfull i år også :)

Me bloggast, Linda :)

søndag, november 20, 2011

Sabotasje

Det var søndag morgon.
Eg fann fram Manokoppar og skulle fotodokumentere kor knallfine dei nye, superskjønne (takk Tine :)) Kähler-vasane passar saman med Mano. 
Sånn eigentleg burde eg ha putta nokre lekre slanke blomsterstilkar oppi vasane, men det er ikkje lettare sagt enn gjort på ein søndag morgon. Forresten: er ikkje grønnfargen aldeles fin?
Vel tilbake til fotodokumentasjonen.
God stemning, reine overflater, tente lys og ferdig styling (i den grad det å setje fram nokre koppar kan kallast styling).
Fram med kameraet, rigge seg til på ein stol og klar ferdig gå.

Men HEY, kva skjer?


Joda, eit lite lukkebustetroll ute på fotodokumentasjons-sabotasje-oppdrag dukkar opp i synsfeltet. 
"Eg blåste ut lyset eg, mamma" bryt han lukkeleg ut, før han engasjert får ein ny idè:
"Oj",  "lage tååån av de koppene eller?"

He he he, den vesle sabotøren sjarmerer oss i senk.
Fin mandag og fin veke til deg.
Full-i-lott-klem frå Linda

Papilio og Omaggio


Nokon som ser noko nytt i sofakroken?
Jepp: Papilio ulysses telegonus frå Hagedornhagen + ein anna blå sommarfugl av samme merke.
Kjøpt hjå Hviit, til meg sjølv i bursdagsgåve. He he - må jo alltid ha ein god unnskyldning for å handle til meg sjølv.... Og etter å ha sikla på desse bileta i over eit år, var eg rask på labben då Hviit byrja selgje dei. Rammene er svarte rammer frå Ikea (Ribba trur eg).
Dei sat som eit skudd på veggen om eg så skal sei det sjølv ;)
Er du sommarfuglintressert som meg, kan du lese meir her.
Sidan stova for ein gongs skuld var ryddig og barnefri i sånn cirka to sekund, så serverer eg eit oversiktsbilde også. Det var veldig gjenskinn i glasset på sommarfuglbileta, så sånn sett er ikkje oversiktsbilete av dei beste.
I hin enden av stova har den eine skuleplansjen kome opp på veggen. Og på spisebordet står Omaggio-vasen eg også fekk til bursdagen. Heldige meg :)
Nå er det barnetv-tid med heile gjengen min. Etter bading, køying for dei to minste og kveldstur med 9-åringen, skal eg kose meg med nye blader, hekling og sofasliting. Herr Fe har leigd Hodejegerne på DVD, så her skal det bli spenning i heimen :)
Fin søndagskveld til deg!!

lørdag, november 19, 2011

Pepperkakehus i lange banar

 

Fri på fredag og ein laurdag med stulling i heimen har resultert i husbygging.
Tre små pepperkakehus er ferdige. Eit digert også, men det får de sjå litt seinare.
Som eg har skrive før - opprinneleg inspirert av Lisbeth - så er minipepperkakehus den perfekte førjulsgåve til venner og kjendte.

Husa er laga etter ein heimelaga mal. Dekoren er svært lik den frå i fjor og i forfjor - ja faktisk lik dekoren på husa eg pleide lage då eg framleis budde heime i barndomsheimen for sånn cirka to hundre år sidan.  Nytt av i år er grantrær kjøpt hjå ein modelltogbanebutikk (dei finst på enkelte hobbybutikkar også). Eg steikte nokre pepperkakedeigklumpar, og stakk trærne nedi medan pepperkakene framleis var mjuke. Hjorten er tjuvlånt frå Alma sitt rom :)

Desse husa vurderer eg å donere til inntekt for eldstemanns klassekasse - som premie ved loddsal på spelekveld. Eg er imidlertid litt usikker, og då må eg spørre deg, kjære lesar: Ville du ha kjøpt lodd for å vinne pepperkakehus som andre har laga, eller vil du helst lage dei sjølv?

Det store huset, som de skal få sjå seinare, skal donerast til pepperkakebyen her i Stavanger. For kvart hus Aftenbladet får inn, gjer dei 200 kr til ein veldedig organisasjon (Pøbelprosjektet i år). Så her bidrar ein til gode gjerningar også med å trille Ikea-pepperkakedeig og ende opp med ferdig hus. Flotte greier.

Bur du i/eller nær Stavanger og har lyst til å lage hus til pepperkakebyen finn du meir info hjå Aftenbladet. Bli med då vel - kanskje me klarar slå Bergen i konkurransen om den største og finaste byen?

Nå er det slapping off in the såofa, men me bloggast i morgon også ;) Ha det godt så lenge.

torsdag, november 17, 2011

Torsdagslukke

I dag har eg hatt ein finfin dag, og det håpar eg du også har hatt.
Det er 38 år sidan eg såg dagens lys for første gong, og det har blitt feira på ein perfekt måte.
Sånn i bunn og grunn likar eg ikkje merksemda, men så er det jo egentleg utruleg kjekt også, he he.
På jobb var det kaker både til frukost og til to-pausen. Vel heime frå jobb var det festmiddag på bordet, sjokoladekake og pakkejakt. Og sjølvsagt ballongar :)
Eg har fått fantastisk mange fine gåver, som de skal få sjå. I morgon har eg nemleg fri frå jobb, og då skal det knipsast bilete innimellom alt det kjekke me skal finne på.

Det eg egentleg skulle sei i kveld er at de kanskje ser at eg har fjerna Gje-vekk-trekningsinnlegget. Det er fordi Herr Fe følte han hadde vore lenge nok i rampelyset, og slikt må respekterast veit de ;) Vinnar-bodskapen har uansett nådd ut til den heldige vinnare (kjem forresten tilbake til henne etterkvart).
Dei to nederste bileta er av ei hue eg har hekla til ei superskjønn venninne som treng gå mykje med hue framover *uff*. Eg brukar aldri mønster når eg heklar huer, så det er alltid spennande å sjå kven den ferdige hua passar til. Satsar på at denne er breid nok til ei vaksen fin jente som SKAL bli fort frisk igjen. Måtte hua bringe pittelitt glede oppi alt. Hua er hekla i alpakkagarn,  og nå minkar det i jamt og trutt i garnlageret også - kanskje eg bør notere meir garn opp på handlelista :)

Finfin fredag til deg i morgon. Nyt dagen!

onsdag, november 16, 2011

Lily Balou vinnaren er kåra


Me gjennomførte ei god gammaldags handskriven trekning her i kveld. Ja, for å kåre ein vinnar i Gje-vekk'en frå Sam & Sofie altså.

To valfrie plagg frå Lily Balou går til....

...tam tara ram




.... Nummer 99.
Og kommentar nummer 99 er skriven av skjønne Guro, med den koselege bloggen M.I.L.C.H.S.C.H.A.U.M.


Guro skreiv i kommentaren sin:  
Så herlige klær at jeg måtte "like" dem forrige gang du skrev om dem! Hadde jeg vært så heldig å vinne ville jeg gjerne hatt Fleur gul genser og Manou grønn kjole i en størrelse over 86.
Krysser fingrene Ü



Gratulerer Guro. Som du ser stig Herr Fe ut av sin anonyme tilværelse til ære for deg og trekninga ;)

Tusen takk til alle som deltok. Gratulerer til Guro, og betre lukke neste gong til dåko andre.
Nå er det tilbake til sofaen og hekletøyet :)

Related Posts with Thumbnails