tirsdag, februar 28, 2012

Tradisjon tru

Våren er i anmarsj.
Her er beviset.
Kvart år sidan eg starta blogge, har eg vist fram bilete av årets første bukett med ranunklar.
Så også i år.
Tradisjon tru, vettu.
Sjølve buketten vart visst ikkje fotografert, berre dei to finingane som pyntar opp Fiduciaen.
H E R L E G.

mandag, februar 27, 2012

Emilgensaren

Hugsar de eg fortalde om at eg var så inspirert av strikkagensaren til Emil at eg gjekk sporenstreks til garnbutikken etter spettete garn? Emil sin gensar er egentleg ein raglangenser, men det tok ikkje eg sjansen på. Eg strikka nemleg utan mønster (fulgte berre denne oppskrifta når det gjaldt opplegg av antall masker), og for å få eit raglanmønster til å stemme ser eg for meg er vanskelegare enn denne enkle gensaren her.

Siste maska vart felt av på søndag. Både mottakaren og mammo vart nøgde med resultatet, og det er jo alltid kjekt. Neste prosjekt nå trur eg må bli å lappe holet han har fått i buksebeinet ;)

Tusen takk for alle kjekke kommentarar dei siste dagane - de er jo berre toppers heile gjengen.

Satsar på at alle husets medlemmer er friske og raske igjen til å komme seg avgårde på skule, jobb og barnehage i morgon, og bør vel derfor komme med i seng. Tudelu så lenge :)

Blad♥nytt


Dei to minste skrantar i formen. Mammo er derfor heime med dei i dag. Fyr i omnen, saftis i magen, Nrk Super, masse kosing og masse sutring i eit herleg sammensurium.... Eg planlegg teppe på gulvet, og all Playmo'en oppå det. Playmo'en har ikkje vore i bruk sidan i sommar fordi det er ute-om-sommaren-leiker her i huset. I dag lagar me imidlertid sommar i stova, trur eg.

Men ikkje heilt enno. Først har mammo seg eit lite pusterom med dataen og bloggen, for nå underheld nemleg favoritten Cosinus dei to små.

Det nye bladet KK Living havna i handlekorga på laurdag, og eg må eg sei det var eit positivt tilskott i bladhyllene. Eg er litt daff på interiørfronten for tida. Etter å ha lese bladet kjenner eg imidlertid at det kriblar litt i interiørinteressa igjen. Herleg. Her er nokre av mine favorittar frå bladet:


Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane på sjalinnlegget forresten.
Spesielt takk til flinke Beate som er stylist. Nå har eg kjempelyst på eit bredt og mjukt sjal - kanskje det er redninga for sjaltrøbbelet eg er i ;)

Finfin mandag til deg.

søndag, februar 26, 2012

Er du eit sjalmenneske?


Ja, er du eit sjalmenneske?
Eg er definitivt ikkje det.
Det er sjeldan eg føler meg meir kjerring enn når eg brukar sjal og skjerf.
Eg veit ikkje kva det er, men det er enkelte ting eg ikkje klarar gå med.
Det eine er sko med høge hælar som lagar klikkelyd.
Då føler eg meg som "Ein elefant kom marsjerande", eller rettare sagt: "Ein elefant kom marsjerande, og alle andre kan høyre det"
Det andre er sjal som pynt til eit antrekk.
Det er råfint på andre, men på meg er det malplassert.
Eg får det ikkje til.
Eg ser på andre jenter som ser kjempefine ut med skjerf og sjal.
Dei ser jo ikkje ut som kjerringar i det heile.
Kanskje eg har for kort hals?
Sjal og skjerf som vern mot kulda går imidlertid greit.
Og nå som eg har lært meg andre knutar enn Mette-Marit-knuten er det jo rett og slett litt kjekt å eksperimentere litt med knytinga.
Kanskje eg rett og slett endar opp som eit sjalmenneske, he he.
N O P E.
Dette sjalet frå Badaboom er mjukt og godt, glansfullt og fint.
Det er ikkje sjala det er noko gale med.
Det er meg :)

Vil du også lære deg nye måtar å knyte sjal på? Kikk då på denne herlege videoen her.

Fin søndagskveld til deg, anten du er sjalmenneske eller ei.



tirsdag, februar 21, 2012

Verdas aller vakraste


For nokre veker sidan kom eg over den fantastiske svenske smykkedesigneren Anette S sin nettbutikk.
Ho lagar dei nydelegaste smykker, armband og øyredobber til både born, damer og menn. Eg fall pladask, og nå smykker eg meg med verdas aller vakraste armband. Ungane sine namn er gravert inn i mitt, men du kan sjølv bestemme kva som skal stå på det.

Sånn eigentleg burde eg ta bilder av handa mi med armbandet på, men den er så bleik og tørr og eignar seg ikkje i fotolyset. Men tru meg, armbandet er om mogleg enno vakrare på armen.

De veit jo at eg elskar smykker med namn på, og eg veit at det gjer de også. Så i staden for å halde denne smykkeoppdaginga hemmeleg, deler eg den med deg: Her finn du butikken Anettes Namnsmycker


Finfin tirsdagskveld til deg :)

søndag, februar 19, 2012

Makroner i lange baner










Har du kasta deg ut i makron-baksten?
Ikkje eg.
Eg forsøker å unngå slikkerier for tida. 
Ein vakker dag derimot, då skal eg prøve det.
Finare kaker skal du leite lenge etter.
Smaken er forhåpentlegvis også god.
Enn så lenge nøyer eg meg med å sjå på bilete av herlegheitane. Dagens innlegg skal  brukast som inspirasjon den dagen i framtida, då eg kastar meg uti det.

Det finst eigne makron-bakste-bloggar der ute.
Denne skjønne norske bloggen har både oppskrift og framgongsmetoden herleg forklart.
Dei fleste bildene til dagens innlegg er funne i denne bloggen.


Ha ein flott søndag ettermiddag :)

torsdag, februar 16, 2012

D Å P


Sjå og nyt.
Eg har vore på besøk hjå dronninga sjølv.
Dronninga av borddekning.
Dronninga av styling.
Dronninga med den koselegaste heimen.
Eg snakkar sjølvsagt om Bodil BO.

På søndag var me i dåp der og eg fekk det ærefulle oppdraget med å vere ein av fadderane til det vesle vidunderet. 
Ein fantastisk kjekk dag.
Kjempestemning. 
Verdas beste dåpsbarn.
Deilig mat. 
Knallgode kaker. 
Knallkjekke folk. 
Fiiiint.

Stikk innom til Bodil, så får du sjå enno fleire bilder frå førebuingar, og sjølvsagt: sjølvaste dagen.

God kveld til deg som er innom :)

lørdag, februar 11, 2012

Som eit Kinderegg

4. trinn på barneskulen er verkeleg ei spennande tid, både for storebror, men også for geologmammaen. Dei har lært om dinosaurar, geologi generelt, fossilar, og om andre spennande naturfenomen. Det har vore kjempekjekt at eg har kunne låne ut fossilsamlinga mi, og ikkje minst har det vore kjekt å sjå kor gøy ungane har syns dette temaet har vore. Kanskje nokre av dei er framtidige geologar?
Ida  er boka om fossilet Ida. Boka er skriven på nynorsk, og eg kom over den på den flotte bokklubben Blåmann. Eg kallar boka for eit kinderegg, for her er det mange goder på samme tid:

Poden lærer geologi, nynorsk og syns boka er kjempekjekk. Alle småfeane snakkar bokmål, og innimellom får eg spørsmål som " hva betyr hovud?", men generelt les han nynorsk utan problem. Dette er den nye sengelektyren som har konka ut Star Wars blada hans. Ikkje verst.

Er du som meg på jakt etter barnebøker skrivne på nynorsk er Blåmann nettbokhandelen også for deg.
Maria Parr (forfattaren av Vaffelhjarte (på barneTV i jula)) skreiv så fint på Blåmannsida akkurat det eg tenkjer, og eg tar meg den frihet å sitere henne:

Av og til møter eg folk som leitar
og leitar etter nynorske
barnebøker; for dei er så
vanskelege å finne, seier dei.
Då kan eg heldigvis fortelje
om Blåmann. Tenk så bra
at det finst ein liten bokklubb
der alle dei gode nynorske
barnebøkene er samla
på ein stad. Det er bra, det!

Maria Parr vann forresten nynorskprisen året før meg, så me har noko til felles utover å like Blåmann også :) 

Sidan eg ikkje får til å slå av kursivskrifta, avsluttar eg nå :) Ha ei kjempefin helg! 

The winner takes it all




Omsider har eg hatt tid til å trekke ein vinnar av Personlig almanakk.

Då trekninga vart gjennomført (via Random.org) var det 209 kommentarar til innlegget. Random trakk nummer 194 som er ingen ringare enn....


... StrikkePia som sa:
StrikkePia - Kristine said...
Denne almanakken, eller kalenderen, ser utrolig fin ut. Liker det med at man kan bestemme så mye over utseendet selv. Og jeg elsker slike kalendere, veldig praktiske og greie. Da er man trygg for at det man skal står der, og man kan slå det opp når det trengs. :-)

Gratulerer supermasse!. Send meg e-postadressa di, slik at eg kan formidle kontakt med Personleg almanakk folket.

Apropos vinnar, forresten. I morgon trur eg at eg må komme med ein apell angåande MGP og stemming og slikt. Det blir spennande, he he. Kven trur de at eg heiar på, mon tru? Facebook-venner må ikkje røpe noko, ok?  ;)

Tudelu, så lenge.

torsdag, februar 09, 2012

Metamorfose


Metamorfose = forvandling eller omdanning.

Denne smykkeeska har gjennomgått metamorfose.
Ved hjelp av litt maling og dette fantastiske stempelsettet her (kjøpt i julegåve til meg sjølv frå Sweet Memories):....



...vart denne eska sjåande slik ut: 

På grunn av plassmangel på lokket, vart det ein fundamental feil i teksten. Everyday i eitt ord betyr kvardags- eller vanligvis. Every day derimot betyr kvar dag. Bommerten er kamuflert av eit lite hjarta. Vel, bommert og bommert. Vanligvis går jo også bra, hehe, om enn ikkje fullt like romantisk.  Og uansett: bodskapen er jo innlysande. Kanskje den perfekte valentinegåva kan skjulast oppi den vesle eska. Kinobilettar, godteri, eit kort med info om at barnevakt er fiksa og ein kveldstur i måneskinnet kan gjennomførast. Hmm, berre fantastien og den begrensa plassen set grenser her.

Her er det fullt køyr som vanleg. Nå skal små småtroll skyssast i seng, og så skal mammo på jobb igjen.

Ha ein fin kveld der ute!

PS! Trekninga er utsett til i morgon....det betyr at du kan slenge deg med om du ikkje har gjort det enno. 
Related Posts with Thumbnails