lørdag, mars 31, 2012

Fargerik plastikk

Dei to minste er travelt opptekne med perling.
Ein bytur i sola resulterte nemleg i påfyll i perlelageret vårt (Søstrene Grene).
Perling er supert for trening av finmotorikken.
Me andre prøver å fokusere på det, og heller overhøyre kranglinga om kven som har kome lengst ;) 

Sånn avslutningsvis i dag legg eg ved ei lenke til ein av verdas aller finaste songar: Klikk her og nyt den.

Fin laurdagskveld til deg :)

fredag, mars 30, 2012

Sminkefavoritt II

Dette skal ikkje bli ein sminkeblogg altså. Men som så ofte før, så brenn eg ikkje inne med ting eg vert nøgd med - då MÅ eg berre dele det glade budskap med deg ;)

Eye primer'en frå Mary Kay er den aller beste primeren eg har prøvd nokon gong. Den forhindrar at augeskuggen legg seg som ein strek i globallinja ein time eller to etter påføring, men i stadan er som nylagd dagen lang. Eg har testa ein del andre primerar, men ingen slår Mary Kay etter mi erfaring. På E-bay finn du primeren relativt rimeleg. Tips, tips :)

Og du, har du sett den fine sminkebloggen til Malin? Ho har ein eigen How-to-kategori som er heilt super. Du finn den her.

Sylvanian gje-vekk



Eg byr på nokre kornete bilder frå jula i dag.
Dei to minste er så glade i å leike med Sylvanian, og mora deira syns dette er nokon av dei søtaste leikene på jord.
Minstemann er veldig påverka av storesøster, og dersom nokon spør kva han ynskjer seg, så ramsar han opp lastebilar og Sylvanian i samme åndedrag, he he. Dette huset her låg derfor under juletreet med  gåvelapp til Simon på.

Då eg fekk spørsmål om eg ville gje vekk ein Sylvanian-familie til ein av lesarane mine takka eg derfor ja. For kanskje nokon du kjenner er like glad i desse skjønne dyrefamiliane som det me er?
For å vere med i trekninga kan du legge igjen ein kommentar under dette innlegget.

Tvi Tvi, og god helg :)

onsdag, mars 28, 2012

Yummi..


Sånn cirka verdas finaste skåler er komne i hus.
Like fine til godteri, iskrem, tomatsuppe, salat, taco, ja...you name it.

Men:
Kanskje aller finast til
J O R D B Æ R
Til jordbær med melk og sukkerdryss på.
Det har me kosa oss med i dag.
Dessert på ein vanleg onsdag.
Kvardagslukke.

Skålene er kjøpt hjå fine Scandinavian Breeze, og du finn dei her
Gledar meg allereie til å dekke bordet på terassen i sommar, med desse skålene som sjølve blikkfanget.
At me ikkje har bord på terassen er mindre viktig.
For nå har me iallefall skåler  

Uhu, uhu

Hugsar de at eg var med som strikkeassistent då eldstemanns klasse skulle lære å strikke (4. trinn)? Eg storkosa meg med assistentvirket, og nå er produkta til elevane ferdige. Eg var kun med tidleg i prosessen, og syns det var knallkjekt å sjå alle dei ferdige uglene utstilde på forrige foreldremøte.

Bilete er av Samson si knallfine ugle.
Eg elskar den.
Denne skal hengje framme resten av mi levetid iallefall :)

Ha ein fin onsdag der du er!

tirsdag, mars 27, 2012

Feen goes blond... again

Eg er så godt i gong nå.
Godt i gong med å overeksponere meg sjølv, he he.
Herr Fe hadde nok ein slagkraftig kommentar her i ettermiddag. Moroklumpen sjølv ;)
"Det starta med interiør, og ender snart opp med plastiske operasjoner" sa han tørt då eg lurte på om dette er overdose av sjølveksponering.

Det er ingen fare for at han skal få rett, hi hi. Men det har seg nemleg slik at eg har vore her igjen, og som alltid er eg like nøgd. For ordens skuld så er eg absolutt ikkje sponsa. Eg syns berre salongen var urettferdig tom i dag, trass i at den husar Stavangers aller flinkaste frisør. Reint objektivt sett altså. Eg er veldig lite kresen når det gjeld frisyrar, så eg lar alltid frisøren få frie tøylar. Då vert resultatet best, syns eg (men det krev sjølvsagt at du er hjå ein flink frisør). Denne gongen vart håret mitt tupert før lysningsmiddel vart knept i det. Resultatet vart lysast i tuppane (håret er noko lysare enn det som kjem fram på bileta), og mørkare mot botnen. Just what I needed :) Eg er klar for sol og sommar, iallefall hårmessig.

Ok, oppfordring formidla, nå er det slutt på knipsing av bilder av seg sjølv i skitten spegel. Eg skal i stadan konsentrere meg om å få spegelen rein ;)

Ha ein flott tirsdagskveld!

Vaffelhjarte


Det er lenge sidan eg har hatt eit barnebokinnlegg føler eg, så nå er det på tide at eg skriv litt om favorittlesestoffet i familien for tida.

Såg du Vaffelhjarte som gjekk på Nrk i jula? Den serien gjekk rett i hjarterota på meg, og me storkosa oss heile gjengen med å sjå tante-farmor, Lena og Trille med den fine Sunnmørsdialekta. Fin natur, fine tema, herleg ekte stemning og rett og slett bra for ungane å sjå på, etter mi meining. Serien er basert på Vaffelhjarte-boka til Maria Parr, og det er altså denne boka me les på sengekanten nå for tida. Boka er kjøpt i den fine nynorskbokklubben Blåmann som eg har skrive om før.

PS! Maria Parr har kome med enno ei ny bok sidan sist, nemleg Tonje Glimmerdal. Eg tippar det vert neste bok me les høgt - har nemleg høyrt at den er minst like kjekk som Vaffelhjarte.

Tips meg gjerne om lesestoff som kan vere engasjerande og spennande for heile familien.

Fin tirsdag ynskjast deg.

PS! Tusen takk for finfine kommentarar på dei forrige innlegga mine. Kjekt at litt sminkeinnlegg også kan komme til nytte, eg har nemleg meir på lur ;)

mandag, mars 26, 2012

Sminkefavoritt I

Nattevåk, generell søvnmangel, lite tid til eigenpleie og usunn mat er ingen sjakktrekk for å forseinke alderdomsteikn.
At eg er ein sløving når det gjeld hudpleie gjer ikkje ting akkurat betre.
Alt for ofte søv eg med sminka på.
Eg drikk for lite vatn.
Eg et for lite Omega 3.
Eg et for mykje digg.

Meir vatn, meir feit fisk, mindre sukker, mindre lettbrus, meir søvn, meir hudpleie. Alt dette er kanskje det som skal til? Det var berre å få viljestyrke nok til å klare gjennomføre det. Smilerynker er ein ting, rynker eg kan leve med. Rynker som er spor etter glede. Sinnarynkene derimot - dei likar eg aldelesen ikkje. Samme om dei kjem av for skarpt lys, for dårleg syn eller sinne & frustrasjon ;)

Fin og riktig sminke er alfa og omega utover alt det eg har nevnt over. I framtida har eg lyst til å dele eit par tips eg har plukka opp her og der. Ikkje fordi at eg er nokon som helst ekspert på området, men fordi eg likar å dele ting eg har god erfaring med med deg. Eg lovar, dette skal ikkje bli ein sminkeblogg - dei finst det allereie mange av.

Først ut i desse tipsa er Lancôme sin nye 24H foundation. Eg likar egentleg ikkje så veldig godt å bruke foundation. Blir alltid nervøs for at den er ujevnt påført og at den framhevar rynkene. Denne her kan eg imidlertid anbefale. Lett å få fint på, og den sit som eit skudd frå morgon til kveld. Eg har fått ein ny favoritt.

Eg las at Christoffer og Jan Thomas sa at dei aller fleste norske damer vel for mørk foundation, og at dei aller aller fleste av oss kler ein foundation med litt gul tone. Då eg skulle velge farge hadde eg dette i bakhovudet. Lancôme sin foundation finder var genial, og foundationen min passa perfekt til mi bleike vinterhud (01 Beige Albatre).

Blir forresten veldig glad for gode tips eg også. Har du nokre gode favorittar?

Finfin mandag til deg.

søndag, mars 25, 2012

Finaste

Eg kjøpte meg den finaste korgveska på TineK-kvelden.
Korgveska som har stått øvst på ynskjelista leeeenge.
Korgveska som rommar det meste.
Til og med det viktigaste i livet.
Ikkje minst:
Korgveska som matchar Duskfeet'ane perfekt :)

Eg feirar korgveskekjøpet med ørti bilete av den her på bloggen.
Klarte ikkje finne ut kva bilete eg likte best...



PS! Det kjem eit eige strikkeugleinnlegg litt seinare :)

Så gjenstår det å sjå då, om veska kjem til å verte brukt, eller vert hengjande som veggpryd. Herr Fe spurte nemleg muntert om det var Rødhette som var på veg til bestemor, då eg var på veg til jobb med korgveska på skuldra på fredag ;)

Finaste søndagskvelden til deg!!

Eva Solo - vasar

For litt over ei veke sidan gjekk Fabelaktig bloggtreff av stabelen. Eg skamkosa meg blant herlege Rogalandsbloggarar. Dagdrømmeren (superskjønne jente) opna den knallfine heimen sin for oss andre. Fabelaktig Maia (ei anna superskjønn jente) hadde fiksa knallfine goodie-bag'ar. Det var loddtrekning, det var handling, det var god mat og drikke, det var kjekke jenter og det eine toppa liksom det andre. Ein utruleg kjekk kveld med andre ord. Om du har lyst: stikk innom til Maia her, for å sjå kva me fekk i goodiebag'en frå Den Franske Landstil.

I loddtrekninga var eg så superheldig å vinne to fantastiske Eva Solo Florentine - vasar som passa perfekt inn saman med Ikea-glassvase-samlinga mi. JIPPI! I dag var det tid for å forevige dei finfine vasane, men eg hadde berre så vidt fått rigga meg til før to små lukketroll (skitne sådanne etter uteleik i sandkassen) kom inn i synsfeltet. Dei byrja straks å setje Ikea-vasane oppå kvarandre.
"Se mamma, vi har bygget en sopp"...
Welcome to my world :)



Håpar på ein solrik og fin søndag i morgon.

Natta :)

lørdag, mars 24, 2012

Ready, steady, GO!


Klar for våren på skofronten og kremfronten.


På bloggtreffet, som eg håpar få tid til å skrive meir om i løpet av helga, var me på kjempekjekt butikkarrangement hjå Fransk Landstil på Madla Amfi. Der hadde dei Steam Cream som eg har vore på jakt etter i lange tider. Ikkje berre er boksen verdas finaste, men den er også veldig god for tørr vinterhud.


Skodda er i ferd å lette i Stavanger, og solstrålene prøver bryte gjennom.
Ny sykkel til Samson står på handlelista i dag,  så me kryssar fingrane for flotte sykkelturar i løpet av helga :)

Tudelu...

fredag, mars 23, 2012

Tine K in da house

I går kveld var sjølvaste Tine og Anita frå Tine K Home på Ostehuset Øst her i Stavanger. Der var sjølvsagt eg og mange (~ 95 stk) andre interiørintresserte damer og menn (!) også. Eg kom derimot noko seint, og gjekk dessverre glipp av foredraget til Tine.

Handling, mingling, prating og smaking fekk eg imidlertid heldigvis med meg. 


 Kameraet mitt er elendig på kveldsfotografering....
 Dei spontane bileta av dei glade fjesa vert fort veeeeldig uskarpe.
Her er vakre Lisette og nydelege Anita:
Knallfine nye Tine K produkt gjekk som varmt kveitebrød i går kveld. Eg kom ikkje tomhendt heim eg heller, just wait and see.


Skjønne og sprudlande Lisette sikra seg knallfine nye puter. Stikk innom den herlege bloggen hennar og følg med: Lisetter perler finn du her.

Nå står kveldsstell, sengetid for dei minste og så The Voice med dei to eldste gutane i heimen for tur. Finaste fredagskvelden til deg :)
Related Posts with Thumbnails