onsdag, mai 30, 2012

S O U L


Eg har shoppa puter.
Nå skriv eg shoppa sjølv om eg egentleg er motstandar av å ta ordet shopping inn i norsk språk. Grrrr
Knallfine puter.
Kjøpt av knallfine Lisette.
Kjøp deg ei du også er dagens oppfordring.

Sjølvaste SOUL-puta, og finaste speglfløyelsputa frå Day.

Med SOUL-puta kom eg i mimrestemning.

You're my heart
You're my soul

Jeeeeezuz...
Var det verkeleg slik ungdommens heltar såg ut?
Hugsar såååå godt han mørke med gullkjede rundt halsen med dama sitt namn på. Heitte ho Nora mon tru?
Trykk på bildet og mimre litt du også ;)



tirsdag, mai 29, 2012

Oliventre


Billig oliventre frå Europris (tips!) får kjærleg pleie av den nytilsette gartnaren i heimen.

Elefantvatnekanna var opprinneleg rosa, nå er den kvit. Uansett farge er den superskjønn, spør du meg.


Ha ein flotters onsdag!

Reint

V Å R R E I N G J E R I N G alla meg.
Mal over skiten.
Eg veit det ikkje er politisk korrekt.
Eg veit det ikkje er hygenisk korrekt.
Eg veit det ikkje er slik det skal gjerast.
Men bryr eg meg?
Niks.
Ser du skillet mellom nymala & rein og grå & skiten vegg?
I do. I do. I do. I do.

Ha den finaste tirsdagen :)

mandag, mai 28, 2012

glimt


Små glimt frå pinsehelga.
Gubbevaremegvel for eit fantastisk vèr.
Me har nytt det frå morgon til kveld.
Me har vore på stranda.
Me har vore i hagen.
Bassenget er blese opp og innvia for sesongen.
Blomstrar er plukka.
Negler er lakka.
Fregnene er på plass på nasetippen og utover det heile.
Ungane har brune hender.
Ryggen er solbrent.
Terassen er nybeisa.
Maling på gong.
Overnattingsgjester.
Grilling.
Og så vidare.

Tippar di helg har inneholdt mange av dei same tinga... Eller?
Vert roleg start i morgon. Streiken medfører sein morgon, og barnehagen opnar først kl 10. Mmm, gler meg til ein mjuk start kjenner eg.

Ha ei flott siste-veka-i-mai-veke :)


onsdag, mai 23, 2012

Kjærleik og Tiljamid

Som geologistudent i Bergen vart eg kjendt med mange kjekke menneske frå land og strand og rundtomkring. Arbeidsliv, familieliv, flytting og livet generelt gjer jo at eg har mista kontakten med mange. Berre sånn sporadisk vert ein oppdatert på korleis det går med den eine og den andre via felles bekjendte.

Ein av dei kjekkaste og stautaste på geologistudiet var Voss'ingen Helge Erik. Han fann den store kjærleiken i ei svensk jente då han ferierte med to andre geologistudent-kompisar på Cuba. Eg trur faktisk at denne ferien var i etterkant av studietida, for eg traff aldri denne Therese som han møtte. Og det må vere sånn cirka 10-15 år sidan.

Verda er lita, det får eg stadig bevis for. Du skjønar kanskje allereie kvar eg vil hen i kveld. Ein dag for eit par-tre veker sidan får eg nemleg e-post av ei som skriv at ho designar barneklede i bambusklede.
Merket hennar heiter  
Tiljamid.  
Ho er lokalisert på Voss. 
Og ho lurer på om ho kan få sende meg klede til dei to yngste, slik at me får teste dei i bruk. 

Eg likar jo å teste det meste, og eg elskar barneklede, så eg takka gladeleg ja. E-posten eg fekk var underteikna av Therese. Sjølv om det garantert er fleire Therese'er på Voss, så måtte eg berre spørre henne i eit PS: "heiter tilfeldigvis mannen din Helge Erik?" Joda, du, det gjer han :) Kva var det eg sa? Verda er lita.

Kleda kom for nokre veker sidan. Mjukare klede i sprekare fargar skal du leite lenge etter. Dei er i bruk dag og natt (!) berre avbrote av nokre omgongar i vaskemaskina innimellom. Ungane elskar kleda, og eg diggar dei. Det kan ikkje bli betre enn dette.

Er du også på jakt etter mjuke, slitesterke barneklede, så finn du meir info om Tiljamid her og på bloggen deira.

Tusen takk Therese, hels mannen din frå meg :)

Bilderas her:

Fin fin torsdag til deg.
Håpar du nyt finaveret og solstråler der du er!

søndag, mai 20, 2012

Kom & Kjøp

E N D E L E G!!
Endeleg kunne lemonade-boda vår innviast.
Endeleg var temperaturen bra.
Endeleg var det sol.

Lemonadebod-idèen fann eg på Pinterest og blogga om den i dette innlegget frå mars månad. Me snekra den samme helga i mars, av ein gammal plantekasse og nokre lekter og plankar me hadde til overs frå terassebygging i bakhagen. Gratis moro med andre ord ;) Salgsboda har påmonterte møbelhjul frå Clas Ohlson slik at den lett kan flyttast rundt til der ein måtte ynskje å ha den ståande. Først i dag vart salgsboda altså innvia på skikkeleg vis, sjølv om ungane har tørrtrent litt med sølekaker i forkant.

Menyen var litt sånn krysning av så som så, og man tager hvad man haver, men det brakte stor suksess uansett. Steinar vart brukt som betalingsmiddel. Ekspeditrisen snakka herleg beste-vestkant-Oslo-dialekt. Kundane representerte heile kundespekteret frå høflege & snille, via køsnikarar og butikknaskarar til freidige kundar som også tar seg til rette bak kassaapparatet. Girlander og minivimplar i eplebåtane er forresten frå Søstrene Grene. Bileta talar for seg sjølv, så eg trur eg avsluttar skrivinga med å ynskje deg ei superfin kommande veke.

Linda :)


fredag, mai 18, 2012

Terese B Foto


Eg har hatt ein liten hemmelegheit for dåko ei stund.
Har lete henne byggje seg opp ein lesarskare i det "stille".
Men nå klarar eg ikkje tie stille lengre, og MÅ berre tipse dåko om at mi kjære svigerinne, Terese, har verdas mest delikate blogg. Ho tar fantastiske bilete, og det fine vesenet hennar strålar ut gjennom dei vakre bileta og den gode stemninga.

Alle bilete i dagens innlegg er det Terese som står bak. Sjå om nyt:



 Stikk innom bloggen hennar då vel: du finn TereseB Foto her.

Fin fredagskveld til deg!

torsdag, mai 17, 2012

Hipp hipp

Så var feiringa av Norges nasjonaldag overstått for dette året. Puh :)



Vèret var ikkje på vår side i dag.
Eg kan sjeldan hugse kaldare, surare, og våtare syttande mai enn denne.
Brrrr, me formeleg hakka tenner medan me venta på storebror som gjekk i barnetoget.
Heldigvis gjekk skulen hans som nr 18 i år (var skule 51 av 52 ut i fjor), så me slapp stå to the bitter end i kulden i dag.


Dessverre knipsa eg så mange bilder i førekant, at når storebrors skule og klasse kom, så var batteriet flatt... Søren altså, men han er rett baki her på bildet over *peikar*. Som i fjor, fekk Alma gå siste stykket saman med storebror, og det var stor stas både for ho og for han i år også.
Me hadde ein kort visitt innom skulegården, men med det pyton vèret var det best å komme seg heim i varmen og til frysaren full av is. Heimelaga rømmegraut og pølser i brød stod også på menyen. Mmmm.

For dei som er intressert i slikt, er bunaden min ein Sunnhordlandsbunad som i grunnen er ganske lik Hordalandsbunaden, bortsett frå at dekoren er brodert med korssting i stadan for i perler. Det er valfritt om ein vil ha vevd forkle eller kvit linforkle med hardangersaum, og eg har sistnevnte. Bunaden vart i si tid sydd av mamma si koselege nabodame, Olga, og den er knallfin om eg skal seie det sjølv ;) Trur eg skal byrje bruke den var syttande mai.


Alma brukte mi sølje som eg hadde som liten. Superkoseleg. I tillegg hadde ho fått låne ein superfin bunad av mi superkjekke kollega. Ho elska bunaden og spurte faktisk om ho kunne få ha den på i barnehagen på mandag, he he. Måtte begeistringa vare ;)


Ein finfin dag feira akkurat slik me likar det er overstått. Herr Fe og Samson glimrar med sitt fråvere på bildene frå dagen, men var så absolutt til stades saman med oss.

I morgon er det planleggingsdag både på skule og barnehage, og me skal kosa oss heime. HERLEG.

Tudelu så lenge :)

onsdag, mai 16, 2012

L for LUKKE


De hugsar L for LINDA?
Nå har eg fått ein L for LUKKE også.
Tenke seg til.
Dette er til å bli LUKKELEGE LINDA av altså ;)
Det har seg nemleg slik at eg bestilte ei t-skjorte frå Svingen Møbel. Forøvrig verdas finaste t-skjorte, men sidan dette ikkje har blitt ein moteblogg enno, så glimrar t-skjorta med sitt fråvère i blogginnlegga.
Kathrine som driv Svingen Møbel sendte med L for LUKKE-koppen til meg, som takk for at eg har inspirert henne opp gjennom tidene. Så kjekt, tusen millionar takk, Kathrine. Eg elskar koppen. Nå som
eg har to, så har eg ein på jobb og ein heime.  

FANTASTICO


I morgon er det 17.mai. Eg legg lista lågt i år. I kjøleskapet ligg det pølser og pølsebrød. I frysaren finst is. Til Alma har me fått låne bunad, må berre fikse sko. Simon pressar eg inn i Samsons gamle bunad (str 2 er knapt, men går). Og så Samson då stakkars. Han får vere iført vestlandsbunaden - også kjendt som regntøy. Det er jo han som skal ut i Stavangers gater og representere familien i barnetoget.
Ha ein flott dagen før årets mest-hektiske-dag-for-småbarnsforeldre-dag!

PS! Om du trur du ser støv på bildet over, så er det berre eit synsbedrag. I vårt hus finst det nemleg ikkje støv, og det må vere du som ser feil ;)

tirsdag, mai 15, 2012

I gangen



I kveld byr eg på bilderas frå gangen og ein kikk innom kjøkkenet.
I helga vart ledige stunder brukt til ommøblering, sortering, rydding og kasting. Og faktisk litt maling.
I gangen er erstattar Billy, som forøvrig har vore på vinterferie på loftet, den heimesnekra benken. Den heimesnekra benken enda som oftast opp som rotoppsamlingsplass de luxe. Her var det utruleg greit å slenge både det eine og det andre gitt, så nå har eg tatt den vekk ;) Rot likar me (les: eg) nemleg ikkje.
Åneidadu, då er det mykje betre med kjære elskede Billy. Så får me sjå kor lenge det varer. Benken skal gjenoppstå på det eine barnerommet, trur eg.

Det gamle nattbordskapet vart svartmåla, og veggene i gangen fekk seg eit strøk kvitmaling. Herleg å vite at ting er rydda og reingjort frå innerst til ytterst. Så lenge det varer iallefall, he he.

Herleg med dagslys langt utover kvelden. Desse bileta tok eg medan eldstemann var på speidaren, og småtassane såg barneTV. I love dagslys :)

Ha ei flott 17. mai-veke

Related Posts with Thumbnails