torsdag, juni 07, 2012

Fager kveldssol smiler


F A G E R  K V E L D S S O L

Fager kveldssol smiler
Over heimen ned, 
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

Sola skein så fint inn i stova i kveld, og då var eg snar å ta fram kameraet.
Ørsmå endringar å skimte på interiørfronten i stova. Veggen er nymåla (når rekk eg ta resten mon tru?), golvteppene har bytta plass med kvarandre og station boardet er bytta ut med ei gammal boddør frå kjellaren. Planen er å tilbakeføre litt fargar i interiøret her, etter ein grå-, svart- og kvit-prega vinter. Eg har visst ikkje kome heilt ut av vinterdvalen sånn interiørmessig enno, men det kjem. Det kjem.

Då er det lite som gjenstår før det nok ein gong er helg. Kan ikkje anna enn smile over kor herleg akkurat det er :) Finfin fredag og god helg til deg som er innom.

Tudelu...

17 kommentarer:

by.bak - interior & lifestyle blog sa...

Sikke da et skønt lys, det er lykkes dig at fange der. Smukt!

ceciliegrut sa...

Nydelig lys og nydelige bilder! Liker boddøra også!

LOVE

Fotograf Britt sa...

Hei!

Nydelige bilder...

Ha en fin fredag...

Britt.

Anonym sa...

Hvor er det fine teppet ditt fra?

Anonym sa...

Ja, nå gleder vi oss til helg og til sola air show. Kanskje me treffes der? Fagernes kveldsol smiler... med et glass rosevin på brygga ;) goaste helgo te dåke.

Linn:)

Villaveien nr 1 sa...

God morgen skjønne deg.

Så koselig å se igjen den sangen. Husker vi sang den på barneskolen.
Koselige minner det..

Så vakkert du har det... helt nydelig.

Og toppen og bildene under her var lekre.

Ha en fin helg med sol og glede.

Klem

Den gode feen sa...

teppet er frå House Doctor, det vart i si tid kjøpt hjå Nettpynt. Tviler på at de finst i handelen lengre, men forsøk. OBS - det er laga av plast :)

Vingesus og Julebrus sa...

Flotte bilder - og takk for teksten på Fager kveldsol smiler - minner meg om mammo mi - så no smiler hjarta og auga er blanke på ein gong: )

Ha ein fin helg! KLEM!

Berit sa...

Fine bilder du hra tatt av kveldssolen. Ha en flott fredag

Øyeblikk sa...

Fytti katta, Linda! Du har det så koooselig, eg kjenner at pulsen går ned og eg blir reint harmonisk av å sjå bileta i frå sofa kroken din :)Det er så lunt og personlig og rett.

Skal du på Mods i morgon, da? Eg blir jaga heimante sidan det er mannen som får guttagjengen på besøk i helga - og dei skal på konsert - så ser ikkje for meg at han er veldig fokusert på jobb i dag. Men no ser du jo kor fokusert eg er også da, hehe :) Sitt på jobb og tar bloggpause.

Eg er klar for spinning på mandag og skal verkelig huska og setta meg på liste på søndag.

Goood helg!

Klem Eli :)

tonje boganes sa...

Fint du har det, Linda. Likte så godt det siste bildet. Det var så nydelig lys i det!

Ønsker deg også ei god helg
Klem Tonje

Lill sa...

Så flott du har det..
jeg DIGGET teppe..

ha en flott sommerdag
klem fra Lill

VeroNot sa...

Nydelig heim du har!
Ha en fin kveld!

Lillian sa...

Åhh hvor er teppe fra. Har leitet leeenge etter et slikt til å ha under spisebordet!

Klem, Lillian

Livet, døden, kjærligheten og bamsemums sa...

Fine bilete og nostalgisk for meg med sangen; når vi var på hytta då eg var lita avslutta vi alltid dagen med å synge "Fager kveldssol smiler" Gode barndomsminne!

Den gode feen sa...

teppet er frå House Doctor, det vart i si tid kjøpt hjå Nettpynt. Tviler på at de finst i handelen lengre, men forsøk. OBS - det er laga av plast :)

Anonym sa...

Hei! Ser at du ikkje har tid til å svare, men prøver meg likevel! Eg har same golv som de, bortsett frå at mine er knallgule av lakk og elde. Vi har planar om å slipe dei ned, og lurer dermed på: korleis er golva dine behandla? korleis held du dei lyse?
Håper på svar ;)
Jenni

Related Posts with Thumbnails