fredag, august 17, 2012

O S L O


God kveld i stova.
Me er heime i la casa igjen etter å ha tilbrakt siste del av ferien på austlandet.
Me har:
besøkt Herr Fe sin herlege familie, kosa med nye familiemedlemmer, kjørt mil etter mil, sett sola, sett Oslo og ikkje minst sett Madonna ;)

Me kom heim seint i går kveld og her i huset rådar det komplette kaos i skrivande stund.

Det er to dagar til skulestart og jobb og full rulle igjen. Eg har planar om å nytte tida fram til mandag godt. Har lyst til å gjere alt på ein gong, og veit liksom ikkje heilt kor eg skal starte. Ferien er slutt, og det er som om ein ny start står på trappene. Då hadde det vore godt å ha det ryddig frå innerst til ytterst i huset. Eg veit det er ein uoppnåeleg draum, men motivasjonen er i det minste på plass.
 
Tradisjon tru har eg vore ein elendig bloggar denne sommaren, men med kvardagen på plass igjen, vert det nok også tid til blogging. Og rekk eg alt eg har tenkt, så vert det interiørinnlegg også, he he.


Ha ei fortreffeleg fin helg :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Herlige bilde fra hovedstaden!
Tipper Madonna også var good! :)
God uke og skolestart til deg og dine! Klems I :)

Related Posts with Thumbnails