søndag, oktober 28, 2012

Svarthola

Like utanfor Stavanger ligg ein av Norges eldste steinalderbusetjingar, nemleg Svarthola/Vistehola. Til der hadde me oss ein ettermiddags/kveldstur i går. Litt sånn på sparket, men desto kjekkare. Me satte oss i bilen med strandtur som mål. På vegen såg me skiltet til Svarthola, og der havna me altså :)
Flott haustvèr
Nydelege haustfargar
Glade ungar
Fine berg til å klatre på,
og ikkje minst blid mamma som til og med slengte seg i slengdissa (bildene frå dette er upubliserbare, he he he).

Alma hadde på seg den knallfine Molo-dressen sin for første gong, og den passa perfekt til den superskjønne hua som mor til Terese har strikka til henne - Tuuusen takk :)
På vegen heim tok me ein avstikkar til Ikea for å kjøpe pepperkakedeig. Det er nemleg litt av planen for denne dagen med den herlege ekstra timen....å bake årets første pepperkaker.

Ha ein fin søndag der ute!

lørdag, oktober 27, 2012

Stjernedryss

På ein sykkeltur i skogen tidlegare i haust hamstra me med oss fine og beine greiner.
I går vart nokre av greinene til denne stjerna.
Med stjerne på veggen og fyr i omnen vart det ein god start på dagen.
Vedomnen drøymer eg forøvrig om å byte ut med ein sånn stilig innebygd sak.

Nokon som har erfaring med om dei innebygde varmar like godt som desse smijernsomnane?

Finfin laurdag til deg!

fredag, oktober 26, 2012

MORE







Ha ei vidunderleg helg!

søndag, oktober 21, 2012

Strikka


Eg elskar strikkaklede.
Eg elskar å strikke.
Av og til iallefall.
Ein enkel utveg når eg ikkje rekk over alt er å kjøpe strikkaklede eg ikkje rekk strikke sjølv.
Denne genseren og sokkane me fekk frå P.OP var knallfine, og sørgjer for at eldstemann er varm og god.
Eg lurer på om eit prosjekt til minstemann heller er gjennomførbart for heimeproduksjonen. Eg syns nemleg denne bestefarstrøya er aldeles bedårandes.
 

Håpar du nyt fine haustdagar slik som eg :)

Ha ei flott veke!

fredag, oktober 12, 2012

Desireless


Det er fredag.
Det er fint vèr ute.
Det er på tide med 80-tals mimring.
Trykk på bildet og nyt både syn og lyd ;)

GOD HELG!

torsdag, oktober 11, 2012

Mmmmmm

Av og til vert eg så forferdeleg freista.
Denne gongen var det Feien og Fjong som fekk meg ut på "syndige vegar".
Smakebiten var fortreffeleg.
Heldigvis overvann fornufta, og kaka er trygt plassert i frysaren.
Håpar me får besøk snart slik at kaka kan serverast oppvarma med vanniljeis attåt ;)
Mmmm....

onsdag, oktober 10, 2012

Skaugum

På Interiør og Boligmessen i Bergen var eg så superduper-heldig å vinne Skaugumbestikk for seks personar i Pure White fargen. Tusen, tusen takk!
Det passa MIDT I BLINKEN, for eg samlar jo på dette bestikket. 
Grunnen til at eg vann, var at eg visste at Skaugum produserast på Geilo.

Eg elskar Skaugumbestikket. Eg hugsar det frå mormors kjøkkenskuffer. Og det minner meg om barndommens sommarferiar på Atløy då me rensa krabbeklør med Skaugumbestikk. Då eg i vaksen alder skulle starte samle på eigne knivar og gaflar var eg ikkje i tvil. Det måtte bli   SKAUGUM. Dette er nemleg norsk design på sitt beste. Knallfint og av ypperste kvalitet.

Stikk inn her og les meir om Skaugum of Norway.

 Frå før av har eg også Skaugumbestikk i teak - det kan du lese meir om her.

I dag kosar eg med heime med gutane i huset. Eldstemann har haustferie, og minstemann er forkjøla med lett feber.

Ha ein fin haustdag der du er!

tirsdag, oktober 09, 2012

La Linea

La Linea
...eller streken.
Hugsar du han?
Me har han på kjøkkenveggen.
Inspirert av Søster Anne (søren at eg ikkje fekk snakka meir med deg i Bergen - hadde jo det på planen).
La Linea vart fødd i 1969 i Italia. 
Far hans heiter Osvaldo Cavandoli.
Trass i at denne mannen oftast er sint, sur og oppgitt er han skikkeleg sjarmerandes.
 Rart i grunnen - for sinte, sure og oppgitte menneske er det motsatte av sjarmerandes i Real Life.
Sure og sinte La Linea derimot, han får meg i godt humør, he he.

Vil du mimre litt trykker du her.

 Finaste tirsdagskvelden til deg :)

mandag, oktober 08, 2012

Til salgs


Eg har lyst til å selge den kanonfine Eames-stolen min (EAMES RAR Rocking Chair).
Den er knapt brukt, og blir rett og slett som oftast ståande i vegen. Her er det berre å innsjå realitetane, kanskje nokon andre kan ha større glede av den enn det me har?

Kjøpte den ny på Møbelgalleriet til 4500 kr, selgjast for 2800 kr.


Ta kontakt på e-posten min dersom du vil slå til (har ikkje lyst til å sende den) :)

Ha ein finfin mandagskveld.

OPPDATERING: Favorittstolen er solgt - tippar den havnar i ein god heim :)

søndag, oktober 07, 2012

Nyvaska


Aj aj aj.
Søndagar er herlege.
Særleg søndagskveldar som denne.
Regnet piskar på ruta.
Varm kakao med krem i magen.
Inne er det nyvaska (!).
Utanfor står ein nyvaska bil (og ein skitten, men det prøver eg ikkje tenke på).
Lysa er tente.
Herleg med ein liten pustepause og blogging.
Nå skal kroppen i sving igjen.
Har nemleg ein bråte med klede som skal brettast og ikkje minst leggjast på plass.
Hortensiaen eg kjøpte i august er blitt evigvarande - den tørka rett og slett ut.

 Ha ein finfin kveld der ute!

PS! Ser du kor fint lys det vert i stova når solstrålene treff diskokula som ligg i vinduskarmen? 

PPS! La du merke til at kalenderen viser morgondagens dato? Ingen skal komme her og seie at eg er på etterskudd he he he.

fredag, oktober 05, 2012

FRIENDLY

Hey, I like your style!
Pakke i posten frå Kappahl er kjekt for både mor og dotter.
Pakke i posten er god start på det som skal bli ei fin helg.

HELLO-kortet er frå råflinke Terese Sennerholt, og det fekk eg og dei andre bloggarane som var på bloggefrukosten i Bergen forrige helg! Juhu, så kjekt :)
I helga tennast alltid stearinlysa. 
Eit anna av Terese Sennerholt-korta er brukt til å piffe opp fyrstikkeska.

FLAWS ARE BEAUTIFUL

Før eg tar helg fullstendig vil eg tipse om favorittsongen min om dagen.
Høyr og nyt her:


Ha ei flott helg!

torsdag, oktober 04, 2012

Coolio

Eldstemann er i ferd med å verte ungdom.
Med det fylgjer sjølvsagt å vere meir oppteken av påkledning og hårveis.

Som eg har sagt hundre gonger før....minst....så elskar eg barneklær.
Eg elskar også ungdomsklær, dameklær, ja til og med herreklær, he he.
Desse svart/kvitt kleda og tilbehøret elskar både mor og son. Det er ikkje verst.
Betongveggen er perfekt som bakgrunn for bilete av den kjekke guten min.

og PUMA-bag'en (som eg forøvrig kjem til å sniklåne på jobb i morgon)
kjøpte eg på Kidsbrandstore.no for der er det 20 % rabatt på alle produkt (varer fram til mandag førstkommande ser eg).


Ha ein flott fredag i morgon.
Nå er det natta.
Nattinatt :)

onsdag, oktober 03, 2012

Topping

Er du klar for vinter og kuldegrader?
Det er eg.
Iallefall sånn klesmessig.
Eg diggar denne reinsdyrhua.
Eg diggar det fine sjalet i halsen (sjølv om eg framleis ikkje er eit sjalmenneske).
Og eg syns lubbene er knallfine - sjølv om eg helst går barbeint innandørs året rundt.


Plagga har eg fått hjå nettbutikken Topping.no.
Tusen takk :)

Tusen takk for kommentarane på forrige innlegg. Ja, dei danske interiørmagasina er noko for seg sjølve. Neglelakken eg hadde på er frå IsaDora, farge 611 Muddy Water.

Ha ein fortreffeleg fin onsdagskveld!

mandag, oktober 01, 2012

Snadder

Snadder lesestoff.
Lenge sidan eg kjøpte favoritten min Boligmagasinet.
Eg hadde godt av ein pause frå det, men jammen var det kjekt gjensyn.

Takk for alle kjekke kommentarar på messeinnlegget.

Nå er ungane i seng og eg skal straks på venninnebesøk.
Ha ein flott mandagskveld!
Related Posts with Thumbnails