tirsdag, desember 11, 2012

♥ + bambus


Hei på deg.
I dag deler eg nokre glimt frå hjarteleik på stovegolvet.
Post-It hjarter kjøper eg alltid på Clas Ohlson til nokre få kroner.
Så få kroner at hjartene kan gå rett i resirkuleringsdunken når leiken er overstått og klisteret ikkje virkar lengre *les: er fullt av støv*.


Nå om dagen er dei tre mindreårige her i huset så heldige å få teste ut det nye superundertøyet til Badaboom. Trøyste og betre. Sjølv om eg har fått plagga, er meiningane mine om dei like fullt mine eigne. Kvaliteten på undertøyet er så herleg at det er vanskeleg kan beskrivast. På Badaboom sine sider står det: mjukt som silke, og det kan eg skrive under på.  Bambustekstilen er mjuk og glatt, men likefullt er plagga varme og gode og overhodet verken klamme, kløande eller stikkande. Dei to minste ungane nekta å ta klærne av seg då dagen var over, så undertøyet fungerar som nattøy også, he he he. Klærne har allereie vore fleire gonger i vask, og ser like bra ut framleis. Så snart det er tørt er det rett i bruk igjen. Eg trur me har fått oss ein ny favoritt som dankar ut ullundertøyet her i huset.
Bileta tok eg nå i helga. Herleg med helg der ein er heime når det er nokolunde dagslys, og der ein innimellom alt det andre får tid (og ikkje minst lov) til å flette håret på frøken Snøkvit ;)

Ha ei fortsatt finfin veke!

 

9 kommentarer:

beate sa...

Høres deilig ut! Jeg har prøvd bambus-sokker og de er bare helt nydelige!

Kanskje dette er noe for loppa vår. Hun har skuffen full av deilg ullundertøy som hun nekter å bruke...

Nyt kvelden

Klem

beate sa...

P.s er jeg helt blind?? Jeg finner ingenting til barn på denne siden jeg....

Den gode feen sa...

Hei hei Beate. Nei, du er ikkje blind ;) Me har fått nokre plagg frå prøvekolleksjonen, men eg trur kolleksjonen er på plass nå, og havnar sikkert i nettbutikken fortare enn svint. Ja, dette er perfekt for dei som nektar gå med ull. Eg har planar om å kjøpe slike i julegåver, håpar dei kjem i nettbutikken veldig fort :)

Unknown sa...

Fine bilder ♥

Lykke-Li sa...

Må sjekke ut den nettbutikken, hørtes ut som deilige klær! :D

Anonym sa...

Ååå for noken herlige bilder Linda! Du er kjempeflink på utsnitt:) Her går da i husvask og jobb - ikkje veldig spennandes. Snart klare for julaferie. Henning reise og hente ny bil til oss i natt. Gjett om eg glede meg (sjølv om eg sikkert kun får sitta på dei første månadane;)) Fin fin kveld/natt til deg:)

Anne sa...

Fantastisk skjønt bilde, nydelig flette+hår, fint gulv, søte tær :-)

tonje boganes sa...

Herlige bilder!!
Superundertøyet så deilig ut!
Klem Tonje

Anonym sa...

so cute.. Paola - Italy

Related Posts with Thumbnails