søndag, januar 13, 2013

Ballerina

 
Den ultimate lukka for ei fem år gamal ballerina er nytt ballettutstyr fint innpakka og plassert under juletreet.
Det er nesten så mora sjølv kunne ynskje ho var liten og kunne passe inn i den fine ballettkjolen :)
Lukka må jo vere å svinse ubekymra rundt og ta ein piruett eller to.
 
Ha ei flott komande veke!
 
PS! Ballettutstyret kjøpte eg hos Mimi i Stavangers mest fargerike gate. Fantastisk bra service og anbefalast på det varmaste. Og nei, eg er ikkje sponsa!!

fredag, januar 04, 2013

Nedpakka

Samlinga av gamle julekuler har overlevd jula.
Puh.
Dei låg jo trygt plassert oppi ei Tine K glasslykt gjennom heile julefeiringa.
Dei overlevde nedpakkinga også.
Puh.
Sjølv om ein ivrig assistent hadde lyst til å kjenne og ta litt på dei.
Dobbelt-Puh.

Det meste av jula er ute av huset.
I helga forsvinn julebelysningen utandørs også.
Korleis er det med deg, varer jula heilt til påske eller?

Ha ei fin helg!

torsdag, januar 03, 2013

Å LEVA


Eg fekk den finaste posteren til jul.
Det er snille og gode Bodil som har laga den.
Posteren er nå plassert på kjøkkenveggen ved hjelp av washitape i påvente av innkjøp av passande ramme.


Det er fleire som har spurt kor vegglampen de ser på bileta er i frå: den er opprinneleg frå Ikea trur eg, men eg kjøpte den på Fretex ein gong.

Ha ein finfin dag vidare

onsdag, januar 02, 2013

Snømenn av marsmallow

Hei der ute :)
I dag er eg heime frå jobb med dei tre håpefulle.
Det er nemleg planleggingsdag både på skule og i barnehage. Tippar me er ganske mange som er heime av den samme årsaken i dag.
Me er i full sving med å pakke bort julepynten for denne gong, men innimellom har me kosa oss med litt kreative sysler også.
Snømenn av marshmallow laga me enkelt ved hjelp av grillspyd, tannpirkarar og smil-sjokolade.
I mangel på godteri som eigna seg som skjerf, har Alma fargelagd papirstrimler til skjerf. Ingen av ungane likar marsmellow, så derfor tok eg sjansen på at det går greit å teikne ansikt med vanleg tusj. Her kan ein sjølvsagt gjere det mykje meir avansert med smelta sjokolade og slikt, men i dag vart det litt sånn prega av at man tager hvad man haver.
 
Dersom du har lyst til å lage slike anbefaler eg å google: "Marsmallow snowmen pictures"...

Ha ein fortreffeleg fin onsdag - og sist men ikkje minst:

GODT NYTTÅR!
Related Posts with Thumbnails